Ap vil sjå på avgiftsauken

Anders Ole Sunnarvik.

Anders Ole Sunnarvik.

Artikkelen er over 2 år gammel

Ber rådmannen om utgreiing før bystyrehandsaminga.

DEL

I handsaminga av revidert budsjett i formannskapet denne veka, varsla rådmann Terje Heggheim ein 20 prosents auke på vass- og avløpsavgifta frå og med 1. juli i år.

Årsaka er svikt i inntektene på sal av vatn til industrien: No råkar oljesmellen lommeboka di

Høgre og Samlingslista har uttalt til Firdaposten av dei vil forsøke å unngå avgifta ved å finne inndekning andre stader i budsjettet. Men det er ikkje mogleg å gjere, påpeikar Anders Ole Sunnarvik, formannskapsmedlem for Arbeidarpartiet.

LES OGSÅ: Avgiftsauken vart nedstemt i formannskapet 

- Denne avgiftposten kan ikkje subsidierast gjennom endring av andre postar i driftsbudsjettet, då dette skal vere sjølvfinansierande, seier han.

- Denne ekstra avgifta er ikkje noko Ap reellt ønskjer, så før vidare handsaming av saka i bystyret 15. juni vil vi saman med Venstre og SV be administrasjonen om ei vidare utgreiing, seier Sunnarvik.

Samarbeidspartia ønskjer meir informasjon om kva ein 20 prosents auke betyr for ein husstand årleg, og eit oppsett som viser Flora kommune sine totale kommunale avgifter sett opp imot andre kommunar og landsgjennomsnittet.

Dei vil også ha informasjon om status og utvikling for det sjølvfinansierande avgiftsfondet, og kapitalbehovet framover.

- Det bør greiast ut moglegheiter for reduksjon av planlagt anleggsaktivitet, at ein kuttar i investeringane som ein motvekt for å redusere framtidig behov for auka avgifter, seier han.


 

Artikkeltags