Bryggja går til Stad kommune frå 2020

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

11 dagar etter at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sende over tilrådinga si til Kommunal- og moderniseringsdepartementet var det klart. Bryggja (krinsane Bryggja, Totland og Maurstad) i Vågsøy kommune blir ein del av nye Stad kommune frå 1. januar 2020. 

"Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedteke at grensa mellom Vågsøy kommune og kommunane Eid/Selje blir justert slik at området Bryggja blir flytta frå Vågsøy til Eid/Selje. Endringa vil skje frå 1. januar 2020, samstundes som dei nye kommunane Vågsøy/Flora og Eid/Selje trer i kraft"

heiter det i pressemeldinga frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner viser til ei grundig utgreiing frå fylkesmannen og at det store fleirtalet i bygda har initiert ønskje om å bli del av den nye Stad kommune.

- Det som har vore viktig for vedtaket om å justere grensa, er at innbyggjarane i Bryggja så tydeleg har gitt til kjenne at dei ønsker å tilhøyre den nye kommunen Eid/Selje. Det er òg lagt vekt på at ei flytting av Bryggja til Eid/Selje vil gjere den nye kommunen meir funksjonell og samanhengande. Eg er trygg på at kommunane no vil sjå framover, skape ro og finne løysingar som vil tene innbyggarane i begge dei nye kommunane, seier Sanner.

Firdaposten kjem tilbake med meir om saka

Artikkeltags