Allsong på sperregrensa

KrF har ein markert tilbakegang i Sogn og Fjordane. Tore Storehaug har 2600 stemmer bak seg i Sogn og Fjordane, men no er han inne på Stortinget.

KrF har ein markert tilbakegang i Sogn og Fjordane. Tore Storehaug har 2600 stemmer bak seg i Sogn og Fjordane, men no er han inne på Stortinget. Foto:

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Stortingsvalet 2017 er historie. Erna Solberg blir sittande som statsminister. Siv Jensen blir, med som trufast regjeringspartnar. Og integreringsministeren som splittar folket, blir verande på post. Sylvi Listhaug sit på sin taburett heilt til Knut Arild Hareide finn ei sak som er alvorleg nok til at han kan sette foten ned med eit visst truverd. KrF ryk under sperregrensa ved neste stortingsval om dei er med på å halde Frp ved makta i fire år til.

Kva meir kan vi ta med oss frå valvaka? Sjølv om det vel er tradisjon var det godt å høyre motstandarane Solberg og Støre rose kvarandre og takke for kampen i sine taler. Sjølv Siv Jensen var raus i si tale, og stod fram som ei langt meir moden politikar enn den vulgære og småbrisne dama som ropte morna til Jens for fire år sidan. Eit sivilisert politisk ordskifte er ikkje lenger noko vi kan ta for gitt, så det var fint.

Vondare å sjå på var måten journalistane hundsa Jonas Gahr Støre på vegen frå valvaka til Stortinget. Støre såg ut som ein slagen mann. Grå i andletet sleit han med å halde maska. Han må sjølvsagt svare på alle spørsmål om kva som gjekk gale, si eiga rolle, og om han kan fortsette som leiar i Arbeidarpartiet etter dette, men alt til si tid. Dette kjem han til å måtte svare på fleire gonger i tida framover. Der og då kunne han fått sleppe.

Men Trond Giske var påfallande blid då han snakka med NRK tidlegare på kvelden. Såg han plutseleg ei opning for seg sjølv som den neste leiaren i partiet?

Men hugs: Vi sende Bjørn Lødemel til Oslo med 11.635 stemmer bak seg. Kva fekk vi igjen for det?

Kvelden vart elles ein slags allsong på sperregrensa, der KrF, og særleg Venstre dansa på fireprosentgrensa i eit par timar,  før dei landa hårfint på rett side. Eller feil side, kanskje? Kor du står kjem an på kor du sit. Venstresida fekk flest røyster, men tapar likevel valet. Hadde sperregrensa vore 2,5 prosent, slik som i Danmark, eller fem prosent, slik dei har i Tyskland, hadde kanskje dei blåblå starta å rydde kontora sine i dag. At den sida med flest stemmer taper valet har skjedd før. Når det no ser ut som om vi er inne i ein trend der dei store partia blir mindre, og veljarane spreier seg på fleire småparti enn før, kan det hende tida er inne for å sjå på valordninga vår. Ideen med utjamningsmandat er å sørge for at dei store partia ikkje blir for store. Ideen med sperregrense er at Stortinget ikkje skal bli for fragmentert. Det gjeld å finne den rette balansen. Har vi den no, eller er tida inne for ein gjennomgang av ordninga med sperregrense og utjamningsmandat?

I vårt fylke kom Tore Storehaug frå KrF seglande opp som ein slags dark horse og ser i skrivande stund ut til å stele utjamningsmandatet. Sjølv om KrF går kraftig tilbake, og berre er det femte største partiet i Sogn og Fjordane, må vi altså sende ein gladkristen abortmotstandar til Stortinget med berre drygt 2600 stemmer i ryggen. Det er ikkje rart om nokon synest det er litt merkeleg. Men hugs: Vi sende Bjørn Lødemel til Oslo med 11.635 stemmer bak seg. Kva fekk vi igjen for det? Vi får vel gje Storehaug ein sjanse før vi kastar den første steinen?

Mange er glade, og omtrent like mange er skuffa etter valet. Sånn plar det vere. Trøysta får vere i Mark Twains ord: "Om det å stemme på det eine eller det andre partiet verkeleg gjorde nokon skilnad, ville dei ikkje la oss få lov". 

Artikkeltags