Kor stor blir nedturen om Florø ikkje rykker opp i Obosligaen?

INTERESSE: 920 menneske fekk sjå heimelaget imponere mot Fana på Florø stadion. Det er to heimekampar igjen for Florø i år.

INTERESSE: 920 menneske fekk sjå heimelaget imponere mot Fana på Florø stadion. Det er to heimekampar igjen for Florø i år.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Kommentar

SÅ STOR: Så stor blir nedturen etter skulptør Ingrid Steens skala om Florø Fotball ikkje rykker opp i Obos-ligaen. Sånn cirka.

SÅ STOR: Så stor blir nedturen etter skulptør Ingrid Steens skala om Florø Fotball ikkje rykker opp i Obos-ligaen. Sånn cirka.

Dette spørsmålet fekk vi av NRK Sogn og Fjordane måndag. Dei kom opp i Firdaposten-redaksjonen for å få eit inntrykk av fotball-feberen i Kystbyen. Det er nemleg Florøfans også aust for Naustdalstunnelen for tida etter at Førde fall ned i 3. divisjon. Då Sogndal knapt har ein spelar frå fylket er det Florø som driv fylkesunderhaldninga med artistar både frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i bandet.

Eg tenkte på skulpturen av dei to kallane utanfor NRK-bygget i Førde då eg fekk spørsmålet. Dei snakkar truleg om storleiken på fisken dei nesten fekk på kroken. For kor stor blir eigentleg nedturen? Eller blir det bonus eller ikkje? Florø kan ikkje rykke ned, dei er allereie del av nye 2. divisjon med to avdelingar.

Fakta er likevel at fotballen Florø speler om dagen er strålande. Dessutan er den veldig underhaldande. Såleis ville det vore kjipt om dei skulle gå på trynet i tvekampen mot Nest-Sotra fem kampar før slutt. Det må eg vere ærleg på. Men eg trur det ikkje. For Florø er per no best av alle laga i ligaen. Eg trur dei rykker opp. Og det skal eg forklare.

- Det handlar ikkje om kor stor nedturen blir om dei ikkje rykker opp i Obos-ligaen, det handlar om bonus eller ei, skriv Dag Frøyen i denne kommentaren.

- Det handlar ikkje om kor stor nedturen blir om dei ikkje rykker opp i Obos-ligaen, det handlar om bonus eller ei, skriv Dag Frøyen i denne kommentaren.

Kollektivet

– Florø har ein gjeng spelarar med ulike kvalitetar. Desse i lag har blitt eit kollektiv som verkar å vere for stort for divisjonen oftare og oftare. 0-4 borte mot Egersund er eit godt døme. (Men vi skal merke oss at dei har vunne 4-0 fire gongar i år) Det er Terje Rognsø som komponerer laget og han har vist klasse med teften sin. Og med sterk konkurranse om plassane betyr at han har gode arbeidsbetingelsar for tida. Alle vil vise seg fram, alle vil bidra og alle har klare arbeidsoppgåver på bana.

Ryggrada

«Florø-twins fantastico». Den av dei fire som ikkje har vore på landslaget eller i tippeligaen, har vore Florø sin beste i år og har scora 12 mål. Det seier det meste. Dette er florøgutar som er vande med å vinne og tek steg for kvart år. Tek vi med vinnarskallen Husa, ankeret Halvor Solheim-Olsen og den iskalde kapteinen André Reksten har vi Florø sine eigne som har gått gradene. "Homies" må til for at vi skal få eit tett forhold til laget.

X-faktoren

Endre Kupen er toppscoraren Florø har mangla. Han er suveren toppscorar i ligaen og lager mål på eigahand. Franske Rashad Mohammed har eit steg og ein fart ein sjeldan ser på dette nivået, han scorar sjølv, men har servert fleire. Luc Jeggo har også laga sirkus. Venstra til Christer Husa er også ein faktor. Dessutan har Florø ein matchvinnar i Frenderup bak i buret. 

Fysikken

– Florø har dei siste åra vore kjent for høgt tempo både i bein og ball, men no er dei også av dei fysisk sterkaste. Det er nesten mål på corner i kvar kamp. Dei høge Hove-gutta har blitt sterkare, det er vondt å møte dei i duellane. Saman med Gjermundshaug, som scora laurdag, gjer dei Florø solide på dødball både offensivt og defensivt.

Smellen

- Heimekampen mot Lysekloster er den einaste tabba i år. Tapet kom etter at Nest-Sotra hadde vunne 9-0. Nedturen trur eg var viktig å kjenne på. Den gongen rekna spelarane med å vinne før dei gjekk på bana. Det gjer dei ikkje igjen. No har dei vunne tilbake målskilnaden på elleve mål og har det mentale overtaket på dei grøne strilane. Dei styrte dessutan kampen mot Nest-Sotra borte der ein dødball på tampen sikra Nest-Sotra eitt heldig poeng. Filmen frå oppgjeret viser dessutan at dommaren skulle gitt Florø straffe. Å snu 2-0 til pause til 2-3 siger borte mot Vard Haugesund var også ein kamp som synte karakteren som bur i Florø-laget. Det er tydeleg at gutta gjennom sesongen har fått tru på at dei er betre enn dei andre laga, og det har dei også god grunn til.

Artikkeltags