- At kvalitet på fotballbana kan tvinge fram arbeidsplassar i Florø, er pussig å ta stilling til

POTENSIALET: Florø Fotball har i kraft av kvalitet på bana kravd sin plass i norsk toppfotball. Klarer dei opprykket i år er det i praksis halvanna opprykk. Arkivfoto

POTENSIALET: Florø Fotball har i kraft av kvalitet på bana kravd sin plass i norsk toppfotball. Klarer dei opprykket i år er det i praksis halvanna opprykk. Arkivfoto

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL
Klubben blir lagt merke til både i kraft av tabellsituasjonen og spelestilen som har ført dei dit. No må byen og næringslivet sjå mogelegheitene, kommenterer Dag Nesbø Frøyen

Klubben blir lagt merke til både i kraft av tabellsituasjonen og spelestilen som har ført dei dit. No må byen og næringslivet sjå mogelegheitene, kommenterer Dag Nesbø Frøyen

Det er med ikkje reint lite fascinasjon vi er vitne til det som skjer i Florø Fotball for tida. Sesongmålet om å sikre seg billett til den nye 2. divisjonen, som er redusert frå fire til to avdelingar er allereie nådd. I praksis blir vi dårlegast nummer to. No står jackpoten att: Å rykke opp til Obos-ligaen. Dette er norsk toppfotball der alle spelarane vil få proffkontraktar og klubben vil bli profesjonalisert. Det vil bli TV-sendingar ifrå Florø kvar heimekamp. Kvaliteten på fotballen vil skape arbeidsplassar. Nye arbeidsplassar veit vi som jobbar i lokalaviser i distriktet viktigheita av. Fotballen skal vere samlande og skal begeistre, no gir den også avkastning i kroner og øre frå sentralmakta. Kvaliteten på fotballen vil altså skape konkrete arbeidsplassar og nye skatteinntekter. I tillegg har fotballen hatt ei positiv rolle på fleire andre felt i lokalsamfunnet. Men effekten her er vanskeleg å talfeste, og hamnar difor på sida når politikarane skal prioritere. Det er som kjent kjekkare å løyve pengar til ein ny veg, enn å måtte betale for å rassikre den 20 år seinare.

Neste år vil ikkje Florø spele i Norges dyraste divisjon. Det har dei gjort i år, for i dagens andredivisjon har klubbane lange reiseavstandar og minimal støtte for arbeidet som blir lagt ned. No kjem dei over grensa. Norges Fotballforbund vil komme med finansiell støtte for å backe opp toppklubbane. I elite, obos- og nye 2. divisjon. Dei fleste av dei spelarane som er på Florø Fotball i dag er lokale gutar. Og dei speler attraktiv fotball.

Vi synest det var litt sjarmerande i starten. Det at trenar Terje Rognsø lærte dei unge pjokkane i Florø å spele Liverpool-fotball. At slik «sexy-fotball» har gjort Florø best, er uventa. Vi bur trass alt i «kick & run»-fylket Sogn og Fjordane. Herfrå kjem fetterane Jostein og Håvard stod som mottakarar av pasningen som gjorde at Norge steig heilt til nummer to på FIFA-rankinga. Norge var ikkje så gode i røynda, men lange ballar og jaging etter Flo-stussen, gjorde det mogleg. I dag er det individuelle ferdigheiter og tempo som skal til. Og her er det Florø og modellen til Terje Rognsø mange ser til. For i Florø har dei lukkast å spele den finaste fotballen, og dei er i ferd med å rykke opp med den. Dei kan faktisk risikere å møte Lillestrøm neste år. I serien!

"Fotballen i Florø har eit enormt potensial. No må klubben profesjonaliserast og byen må vakne. Vi kan ikkje drive sildefiske med fiskestong om det blir Obosliga i 2017."

Florøfolk flest skjøner ikkje kva eit opprykk i Obos-ligaen betyr. Folk i Florø skjøner ikkje kva som ligg bak at dei no har eit lag dominert av lokale spelarar som hevdar seg, og tidvis dominerer på nivået dei er på i dag. For det er høgt. I divisjonane under er det meir vanleg enn ikkje, at klubbane er profesjonelle.

Kvaliteten på A-laget er langt høgre enn ein kunne rekne med ut frå ressursane ein har. For Florø Fotball er framleis ein klubb driven av entusiasme og dugnad. Og jobben av teamet på sidelinja er langt på veg profesjonell, men berre for å gi spelarane best rammer. Marknadsarbeidet og tilknytinga til næringsliv- og lokalsamfunn ved å synleggjere synergiane av å ha eit Samba-lag på dette nivået, har det ikkje vore tid til. Her ligg det eit potensial som knapt er prøvebora, eller for å vere lokalhistorisk: Det har til no vore fiska sild med fiskestong.

Ein ting er at klubben får forbundsstøtte til sine første tilsettingar, men følgeeffektane av den sportslege kvaliteten skal vi ikkje gløyme. Fotballen er den største idrettsfamilien i landet, og måten Florø no har teke steg, er blitt lagt merke til langt utanfor fylket. I Sogndal er fotballen meir enn ei mellomstor bedrift med 50 tilsette. Fotballen er det suverent viktigaste eksponenten for merkevara Sogndal. Sylte- og saftleverandøren Lerum har ikkje berre logoen sin på dei 11-spelarane, dei har sylta saman produktet sitt med Sogndalsidentiteten. Kvalitet frå den einaste tippeligabygda i landet. I Florø har vi same potensialet, men i tillegg så har lokale gutar i laget som leverer varene.

Artikkeltags