Eit mektig spel i regnvêret

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Under årets fyrste framsyning av Kinnaspelet opna himmelen seg, utan at det vart ein dempar på spelet. Snarare tvert i mot.

DEL

Fleire har nok tenkt at ein ikkje orkar å ta turen til Kinnaspelet fordi det er meldt dårleg vêr. Ein tanke som også har treft meg. Eg har sjekka vêrmeldingane før eg har bestilt billett, og difor har eg alltid sett spelet i solskinn. Fram til i år. Og det eg sit igjen med i etterkant er at spelet faktisk vart enda mektigare i det himmelen opna seg. Bakgrunnen laga av det låge grå skydekket, dei kvite toppane på bølgene, og regnet som plaska ned i lag med lydeffektane av tore skapte ei ramme rundt spelet som forandra det, i alle fall for meg. For sjølv om eg har sett spelet før, så vart det annleis med denne ramma. Det, og sjølvsagt den stadige utviklinga spelet er i, under regissør Jeff Pedersen.

Både sogespelet, og spelet i spelet har ei norsk-irsk kopling. Når ein kjem ut for å sjå sogespelet vert ein treft av norske og irske flagg, og ein vert stadig minna på den irske koplinga. Difor er det også så passande med regn og vind, vêret som Irland- og vestlandet er kjend for. Så kvifor ikkje snu på det, å la regn og vind verte ein motivasjon, i staden for ein brems. For det er som mamma alltid har sagt; det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede.

Artikkeltags