Ba om to års freding av småskular

Irene Storøy

Irene Storøy Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Irene Storøy (V) fekk gjennomslag for to års freding av Kolset opvekst.

DEL

Formannskapet i Bremanger vedtok nyleg at dersom elevtal ved ein skule kjem under 13 (udelt skule), så kan ein mellombels flytte 5-7. klasse til ein anna skule. Dersom elevtalet kjem opp att, kan prosessen reverserast.

Folket på Kolset skule har mobilisert og Irene Storøy (V) debuterte på talarstolen med eit framlegg om to års fredingstid som udelt skule dersom elevtalet skulle komme under grensa.

- På Kolset har der vore lagt ned ein stor jobb for å få vekst i folketalet. Elevtalet svingar i mange skulekrinsar og Ålftoten skule er eit godt døme på at udelt skule kan fungere fint. Eg foreslår difor at kommunestyret vedtek at dersom elvetalet kjem under 13, at krinsen får tilbod om udelt skule i ein prøveperiode på to år, sa Storøy.

Ho fekk klar støtte i dette frå Sp og Marius Strømmen, som fryktar at det å reversere og flytte elevar tilbake ikkje er like enkelt.

- Eg trur heile skulestrukturen i Bremanger kan stå i fare om vi gjer eit prinsippvedtak som det formannskapet gjorde. Elevtalet er på på veg nedover i flerie skulekrinsar, understreka han.

Ap ba om gruppemøte og fristilte samstundes gruppa si. Men kom med eit framlegg til vedtak om tilbod om eit års freding.

- Udelt skule med 1-7. klasse i lag, er ei dårleg pedagogisk løysing. Skulen bør få vere som no i eit år framover og så tek vi opp saka opp att om eit år, understreka Nina Grotle (Ap) .

Leo Cirotzki (Ap) og Per Helge Eikeland (Ap) på si side ville gå for samme vedtak som formannskapet og hadde tru på at bygda vil løyse dette uansett med den postive utvikllinga som er venta. Då kan skuleorganiseringa reverserast.

Artikkeltags