Musikkafé med Idol-Jørn

Bildetekst

Bildetekst

Artikkelen er over 4 år gammel

Kjem til Kolset skule i helga.

DEL

Musikkverkstaden arrangerer musikkafé på Kolset skule laurdag ettermiddag. Det vert underholdning av koret, pluss barn og unge i musikkverkstaden. Og mellom gjesteartistane finn vi ingen ringare enn Jørn Trollebø Kvalheim frå Idol og kulturskulen.
24 år gamle Jørn frå Måløy var det lokale håpet i fjorårets sesong av Idol, og vart at mange betrakta som rockealibiet. Han måtte til slutt sjå seg slått av jamgamle Ingvar Olsen frå Troms.
Men no er Jørn i gang med å vidareutvikle karrieren etter Idol-2.plassen, trass i at han er student ved Høgskulen i Volda. For tida turnerer han med bandet Trollebø, og det er ikkje lenge sidan han gjesta Florø med dette bandet.
Laurdag er det Bremanger-folket som kan gle seg til å høyre Måløy-karen på nært hald.
Dei lokale arrangørane lovar sal av kaffi, kaker, pølse med brød og brus, og dei ymtar om eit aldeles formidabelt kakebord, for den som treng slike freistingar.
Som om ikkje det er nok, nemner dei også loddliste med flotte gevinstar.

Artikkeltags