Det kokar rundt politikar-habilitet i skulesak

Det blir ein gild dag i Bremanger kommunestyre- med kamp om habilitet i skulesaka på Kolset.

Det blir ein gild dag i Bremanger kommunestyre- med kamp om habilitet i skulesaka på Kolset. Foto:

Dei politiske partia hentar inn vararepresentantane når det endelege vedtaket om Kolset oppvekst skal gjerast i dag.

DEL

Varaordførar Marius Strømmen (Sp) kritiserer ordførar Audun Åge Røys (H)for å hente inn vararepresentantar av taktiske omsyn i skulesaka. Dagen før møtet kokte det i det politiske miljøet og det skal ha vore kartlagt eit fleirtal for å gje Kolset eit ekstra nådeår- før dei kan bli Montessori-skule neste år.

Strømmen meiner Røys har henta inn vararepresentantar som kan vippe fleirtalet i motsett retning.

Ordførar Røys er ikkje samd i kritikken:

- Eg ringde berre til folk i det politiske miljøet og ba dei om å vere merksame på utfordringane med ugildskap i saka. Det kjem til å bli ein debatt om det, påpeikar han.

Til møtet stiller partia med åtte vara-representantar.

Kolset-saka har rulla og gått i fleire år og det har kome inn nye innspel også siste veka. Mellom anna frå LUFS, Landslaget for nærmiljøskular, som meiner nedleggingsvedtaket er ulovleg. Det tilbakeviser administrasjonen.

Også i tidlegare kommunestyremøte har det vore debatt om kven som kan vere inhabil i skulesaka. Er ein forelder og politikar inhabil? Er ein som jobbar i skulen inhabil? Er ein som jobbar i naboskulen, som eventuelt får eleven til sin skule inhabil? Er ein leiar i eit bygdeutviklingslag inhabil?

Artikkeltags