I revidert nasjonalbudsjett kjem det fram at pengane til kollektivtrafikken også skal leggje til rette for utvikling av nye løysingar.
Regjeringa skal også framme forslag om korleis store motorvegprosjekt kan nedskalerast for å spare natur og matjord, og dessutan spare kostnader og gi rom for ei sterkare satsing på vedlikehald og oppgradering av eksisterande infrastruktur.
Naturvernforbundet meiner dagens avgjerd er eit steg i rett retning.
– Regjeringa og SV stakar med dette ut ein ny kurs for vegpolitikken, der store motorvegprosjekt skal nedskalerast til fordel for vedlikehald over heile landet. Det er stort, og vi er spente på fortsetjinga. Vegstyresmaktene bør lytte, og la vere å setje i gang naturøydeleggingar vi kjem til å angre på, seier Pernille Bonnevie Hansen, nestleiar i Naturvernforbundet.
(©NPK)