Følg den spektakulære turen til Hornelen

BREMANGER: Laurdag kan du bli med på spektakulært sakte-tv til Hornelen, i regi av Knutholmen og Visit Nordfjord. Sendinga ser du direkte her.

DEL

Følg turen til Hornelen direkte her. Ca. kl. 13.30 er det planlagt heksefest på toppen av heksefjellet.

Reiselivsverksemda Knutholmen og Visit Nordfjord satsar på sakte-TV og film for å bygge opp under Hornelen som turistattraksjonen «Segnfjellet i Norge». Hornelen er også eit av dei mest kjende heksefjella.

– Overtru vil ha det til at heksene samla seg til fest både julenatta og jonsoknatta for å danse og feire med Fanden. Vi ønskjer å gjere fjellet kjent ved bruk av teknologi. Vandringa vil bli strøyma i sosiale media slik at heile Noregs folk skal kunne ta del i denne historiske vandringa, medan vår alles kjære Toralv Maurstad vil leie sendinga, fortel Fosse.

Maurstad har slektsrøter frå Bryggja i Nordfjord og vil gjennom sendinga fortelje segn og historier i lag med spelemannen Arne Sølvberg. Felespelaren skal også vandre til topps med hardingfela og skal der framføre «Trollkjerringslått frå Hornelen». Basehopparane Even Flo og Espen Fadnes vil hoppe frå toppen sjøklippa slik som segna seier at heksene gjorde for å kome seg til og frå Bloksberg.

Den historiske vandringa blir 7. september og startar frå Hunskår med registrering på morgonen. frå 08.30. Det er planlagt heksefest på toppen klokka 13.30.

Reiselivssjef Marita Lindvik i Visit Nordfjord er glad for oppdraget.

– Oppgåva har vore å sy saman eit heilskapleg og annleis konsept. Målet er å vise fram ei unik historieforteljing frå Europa si høgaste sjøklippe, som viser spektakulær naturoppleving knytt til norsk folketru. Ein kan fysisk gå turen eller følge den «live» i ulike kanalar. Undervegs vil dei ulike segnene som fjellet er kjent for- bli visualisert.

Turen blir sendt live på nett på Visit Nordfjord og samarbeidspartnar Telia sin app – Hidden. Teleselskapet brukar norske segn og eventyr aktivt i si marknadsføring. Dei har i 2019 samla inn norske segn og eventyr, 200 år etter at Asbjørnsen og Moe gjorde det. Alt av innsamla innhald er publisert i appen «Hidden» og Hornelen-historiene vil bli å finne der. Er du på fjelltur kan du hente fram spanande historier om staden du er på og gjere turopplevinga meir interessant.

Den mest kjende segna om Hornelen handlar om kong Olav Tryggvason som klatra opp i fjellet og festa skjoldet sitt øvst i fjellveggen. Då ein av hirdmennene blei freista til å klatre opp for å hente skjoldet, sette han seg fast og kom seg ikkje ned att. Det vart fortalt at Olav Tryggvason klatra opp, tok mannen under den eine armen og berga han trygt ned att.

Som del av opplegget på laurdag, vil fjellklatraren Thorbjørn Ruud Hagen prøve å gjenta oppturen til vikingkongen Olav Tryggvason.

Artikkeltags