Sandnesposten: Carmen er Opera Rogalands første eigenproduserte heilaftans operaoppsetjing med førestillingar i Sandnes kulturhus og Stavanger konserthus.

Først ut er altså Sandnes. Det er ei glede for Sandnesposten (og Firdaposten) å kunne fortelje nyheita om at våre abonnentar kan sjå heile operaen på våre nettsider. Det er Sandnesposten som produserer, men samtidig hentar vi inn ekspertise frå Eirik Bekkeheien og BekkSTUDIO når det kjem til lyd.

Sandnesposten kjem til å nytte fleire kamera under produksjonen, og sendinga vil vere av HD-kvalitet.

For å kunne sjå Carmen treng du et abonnement. Det kan du registrere her.

Stor satsing

– Dette blir ei stor satsing frå vår side, og vi gleder oss veldig til å vere med på eit slikt spennande prosjekt. So langt har samarbeidet med Opera Rogaland fungert utmerkt, seier ansvarleg redaktør Frode Myhra Gjerald.

Leiar av Opera Rogaland, Elizabeth Norberg-Schulz, gleder seg til premieren.

– Denne utgåva vil halde eit internasjonalt nivå. For oss betyr samarbeidet med Sandnesposten at vår produksjon og den verdskjende operaen blir tilgjengeleg for fleire. Dette er noko vi gleder oss over, seier Norberg-Schultz.

Stjernesolistar

Til premiera møter vi Kjetil Støa som Don Jose og Ana Petricevic som Carmen.

– Kjetil er ein fantastisk songar, som eg meiner kan plasserast rett på dei aller største scenene i verda. Ana Petricevic syng som ei Gud. Musikarane kjem i hovudsak frå Italia, med innslag frå mellom andre musikarar i Stavanger Symfoniorkester. Flotte kor blir det også. Dette er ei førestilling eg håper folk merker seg.

Operaen spelast torsdag 20. oktober klokka 19.00.