Vil erklære klimakrise i Sogn og Fjordane

FYLKET: Politikarane i fylkesutvalet ber no fylkestinget erklære klimakrise, og ppmodar samstundes nasjonale styresmakter om å erklære nasjonal klimakrise.

DEL

Fylkesutvalet ber fylkestinget erklære klimakrise, og oppmodar samstundes nasjonale styresmakter om å erklære nasjonal klimakrise. Det er klart etter møtet i fylkesutvalet 28. august.

Vedtaket kjem som eit resultat av eit innbyggarinitiativ og ein underskriftskampanje. Organisasjonen World Saving Hustle har samla inn over 500 underskrifter i kampanjen «Erklær klimakrise NÅ! Sogn og Fjordane», noko som gjer at fylkestinget pliktar å ta stilling til det.

– Klima er ei av dei største utfordringane vi har, og vi held til i den landsdelen som er mest råka av ekstremvêr. Når det kjem eit slikt initiativ frå innbyggjarane våre, skal vi ta det på alvor, og ta det vidare på dei måtane og i dei foruma vi har, seier fylkesordførar Jenny Følling.

- Meir enn eit symbolvedtak

Vedtaket i fylkesutvalet var samrøystes, men politikarane er opptekne av at dette må vere noko meir enn eit symbolvedtak. Fleire peika på at ordet krise er eit sterkt ord, og at det bør følgje handling med når ein erklærer ei krise. Difor meiner fylkesutvalet det er viktig at statlege styresmakter erklærer ei nasjonal klimakrise, i og med at mykje av handlingsrommet og verkemidla ligg på nasjonalt nivå.

– Vi må jobbe saman med både kommunane og staten på dette området, berre slik kan vi sørgje for at vi er best mogleg rusta til å handtere eit endra klima i framtida. Fylkeskommunen skal gjere det vi kan, og klimaperspektivet skal vere eit premiss for det vidare arbeidet i både Sogn og Fjordane fylkeskommune og Vestland fylkeskommune, slår Følling fast.

Fylkestinget gjer endeleg vedtak i saka i oktober.


Artikkeltags