MDG-Malkenes til åtak på eige parti

PÅ FEIL SPOR: MDG si sentrale leiing ser kun Oslo og storbyutfordringane, seier fylkestingsrepresentant Stein Malkenes, som no ikkje lenger vil røyste på eige parti i fylkestingsvalet.

PÅ FEIL SPOR: MDG si sentrale leiing ser kun Oslo og storbyutfordringane, seier fylkestingsrepresentant Stein Malkenes, som no ikkje lenger vil røyste på eige parti i fylkestingsvalet. Foto:

– Dei er kunnskapslause når dei trur at teknologi kan berge oss ut av klimakrisa, seier fylkestingsrepresentanten Stein Malkenes.

DEL

Få veker før lokalvalet svingar fylkestingsrepresentant Stein Malkenes storsleggja over eige parti – og særleg den sentrale leiinga i MDG.

Til NRK Sogn og Fjordane slår han fast at MDG i altfor stor grad har blitt eit hovudstadsparti, utan kontakt med og interesse for lokalpolitikarane og kva utfordringar dei står overfor i miljø- og klimakampen.

No er Malkenes så frustrert at han ikkje lenger vil røyste MDG under fylkestingsvalet, men han vil likevel gjere det under lokalvalet.

– Eg er lei av leiarane våre som grønvaskar høgreliberalistisk politikk. Eg er lei av at dei trur tekniske løysingar kan løyse klimakrisa. Dette gjer at partiet gjer grunnleggande feil verdival i store og kompliserte saker, seier Malkenes til NRK.

Han trekkjer også fram partiets val av standpunkt når det gjeld vindkraft som ein stor feil, der lokal sjølvråderett i altfor stor grad har blitt ofra.

Artikkeltags