To bilførarar fekk bot etter farleg forbikøyring

DEL

Mellom klokka 1750-2000 torsdag gjennomførte utrykningspolitiet ein fartskontroll på riksveg 5 aust for Brandsøy. Fire bilførarar fekk bot for å ikkje overhalde fartsgrensa som i dette området er 80 kilometer i timen. Høgaste målte fart av dei stogga bilane var 98 km/t.

Det vart i tillegg gitt to forenkla førelegg for ulovleg forbikøyring på bakketopp med dobbel sperrelinje. Dette er i området rett vest for rasteplassen på Klavelandet.

Artikkeltags