No blir det slutt på skuleturar til utlandet

STOR FRUSTRASJON: Mange foreldre og føresette er frustrerte over ambisjonsnivået på klasseturane, sa Bente Nilsen (SV) til Firdaposten i januar. Ho meinte tida var overmoden for å endre praksisen, og no har ho fått gjennomslag.

STOR FRUSTRASJON: Mange foreldre og føresette er frustrerte over ambisjonsnivået på klasseturane, sa Bente Nilsen (SV) til Firdaposten i januar. Ho meinte tida var overmoden for å endre praksisen, og no har ho fått gjennomslag. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Kvintetten fekk snudd skuletur-vedtaket frå Levekårsutvalet.

DEL

Då Levekårsutvalet nyleg handsama saka om eit nytt regelverk for klasseturar i Flora kommune, fekk Høgre fleirtal for å halde fram med dagens praksis med lengre skuleturar til utlandet: Rådmannen sitt klassetur-framlegg vart nedstemt

Det har i mange år vore praksis med utanladsturar for 10. klasse på ungdomstrinnet, og dei fleste reiser til Polen/Tyskland med fokus på 2. verdskrig og konsentrasjonsleirar. Turane har skapt stor debatt i Flora, mellom anna på grunn av dugnadspresset og kostnadsnivået. Praksisen rundt turane har ikkje vore i tråd med Opplæringslova, dette var også årsaka til at Bente Nilsen (SV) tok opp saka i bystyret vinter:

Vil ha slutt på Polen-turar til 300.000 kr 

Då saka kom til bystyret torsdag, tok Arbeidarpartiet opp igjen rådmannen sitt forslag til regelverk, og fekk fleirtal for dette. Bente Nilsen (SV) føreslo på vegner av kvintetten at skuleturane kan vare opp til tre dagar, mot rådmannen sitt framlegg på to, og det vart vedteke.

Det vil seie at det allereie frå skuleåret 2017/18 er nye reglar som gjeld. Skuleturar skal maksimalt vere på tre dagar. Ønsker foreldra likevel å legge til rette for lengre turar, så må det skje i skuleferiar, i regi av foreldra.

Lengre turar som allereie er under planlegging, kan gjennomførast slik dei er planlagt.

Det nye regelverket vart vedteke med minst mogleg fleirtal, med 16 mot 15 røyster. Kvintetten (Ap, SV, Sp, MDG og Venstre) røysta for å innføre regelverk, mens Høgre og Samlingslista ønska å halde fram med utanlandsturar, delvis finansiert av kommunen.

LES OGSÅ: No blir det truleg slutt på Polen-turane

– Elevane har ikkje blitt involverte 

Skal lage reglar for klasseturar 

Slik er vedtaket:

1. Bystyret godkjenner retningsliner for skuleturar i skulane sin regi slik dei går fram av saka.
2. Frå og med skuleåret 2017-2018 ønskjer ikkje Flora kommune å legge til rette for skuleturar ut over 3 døgn i skulen sin regi organisert i normal skuletid eller som ein del av elevane so opplæring. Dette kan vere vekelange turar til eksempel Polen, England eller Tyskland.
3. Dersom foreldre likevel ynskjer å legge til rette for lengre skuleturar må dette skje i periodear av året der elevane har fri (til dømes haustferie, vinterferie eller etter skuleslutt om våren). Skulane i Flora vil i slike tilfelle ikkje ha ansvar for turen hverken pedagogisk eller administrativt. Dersom foreldra kollektivt søkjer om fri frå den ordinære undervisninga for ei heil gruppe elevar vil ikkje Flora kommune kunne innfri dette.
4. Lengre skuleturar som er under planlegging kan gjennomførast slik dei er planlagt.
5. I handlingsprogrammet for 2018 kjem rådmannen tilbake med ei eiga vurdering av samarbeidsprosjekt mellom ulike kommunale tenester der elevar på ungdomstrinnet deltek i strandrydding og/eller anna førefallande arbeid som del av prosjektet realfagkommune og opplæring i Natur- og miljøfag.

LES OGSÅ:

  - Nilsen kjem med faktafeil

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken