Klart for ny runde med korona-oppmjukingar

Av

Kan ein invitere ti personar til 17. mai-frukost? Får fotballen starte igjen? Og kva skjer med dei øvste skuletrinna? Torsdag kjem nye svar

DEL

Gjenopninga av Noreg etter dei strenge koronatiltaka er allereie i godt gong, men no planlegg regjeringa ein ny bolk med lettar.

– Torsdag 7. mai vil vi leggje fram ein meir heilskapleg plan for tiltaka framover, seier statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) i Helsedepartementet til NTB.

Dette er noko av det som er venta torsdag:

* Ein heilskapleg plan for lette av tiltak framover, med detaljar om rekkefølgje og tempo.

* Avklaringar rundt 17. mai-feiringa.

* Nye råd for kor mange som kan samlast heime og i parken. I dag er rådet maks fem personar.

* Ny informasjon om kva som skjer med elevane i 5. til 10. klasse og vidaregåande skular, som framleis er heime frå skulen.

* Avklaring om toppfotballen, barnefotball og annan kontaktidrett

* Avklaringar rundt mogleg opning av underhaldningsparkar. Svar om treningssenter er òg venta gjennom veka.

* Avgjerd om utreiseforbodet for helsepersonell.

Ekspertråd hemmelege

Planen til regjeringa er å orientere koronakomiteen på Stortinget om oppmjukingane på eit møte onsdag, før regjeringa tek avgjerdene dagen etter, etter det NTB forstår.

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har spelt inn tilrådingane sine i forkant.

– Tilrådingane er unnatekne offentlegheit fram til regjeringa har teke avgjerda si, og då vil desse dokumenta bli offentlege, opplyste helsedirektør Bjørn Guldvog til NTB i slutten av førre veke.

Skuleopning?

Eitt av temaa som har vorte diskuterte dei siste dagane, er skuleopning for elevar frå 5. til 10. klasse og vidaregåande skular.

Kunnskapsminister Guri Melby (V) varsla i eit brev til rektorane ved skulane 30. april at dei høgare trinna må vere førebudde på å få ein kortare frist før gjenopning, enn dei lågare trinna fekk, ifølgje VG.

– Det er uklart kva elevar som står først i køen, men tidlegast moglege skulestart er 11. mai, sa Melby til Aftenposten.

Dersom fleire elevar får komme tilbake til skulane så tidleg, vil det altså truleg bli varsla torsdag.

Heilskapleg plan

Samtidig med at regjeringa legg fram nye planar for oppmjuking, trer òg dei nye reglane for grupper på opptil 50 personar på offentlege stader i kraft torsdag. Det betyr at kinoar, konsert-, fest- og konferanselokale kan opne igjen.

Den første bolken med lette vart kunngjort 7. april, og i vekene etterpå har barnehagar, 1.–4. skuletrinn, frisørar og hudpleiarar kunna opne opp igjen. Hytteforbodet vart òg oppheva.

Trass i oppmjukinga har talet på koronasmitta og sjukehusinnleggingar framleis falle, samtidig som testkapasiteten er bygd kraftig ut. Dermed kan det vere duka for ytterlegare frislepp.

– Går det bra å opne eitt område, blir det mogleg å opne det neste. Spreier smitten seg igjen, må vi bremse ned eller stoppe opp, seier Erlandsen i Helsedepartementet.

Reknar med auka smittetal

Avdelingsleiar Line Vold i Folkehelseinstituttet seier at dei ventar at det såkalla smittetalet vil auke etter kvart som ein lettar på tiltaka. Talet bereknar kor mange menneske ein smitta person i snitt smittar vidare.

– Men så lenge det ligg under 1, så får ein ikkje nokon ny topp. Då går det nedover, seier ho til NTB.

Talet har lege på mellom 0,6 og 0,7 dei siste vekene.

– Tilrådinga vår er at ein held smittetalet så lågt at ein er innanfor kapasitetsgrensa til helsevesenet. Det er veldig viktig at ikkje mange blir smitta. Vi ønskjer jo ikkje at mange blir alvorleg sjuke, seier ho.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken