Sentralstyret i Utdanningsforbundet stiller seg bak avgjerda om å seie nei til lønnsoppgjeret. Dermed er det endeleg avgjort at det blir lærarstreik.

– Eit einstemmig sentralstyre i Utdanningsforbundet har stemt nei til resultatet frå oppgjeret, seier leiaren i forbundet Steffen Handal til Utdanningsnytt.

Då kommunesektoren mekla om lønnsoppgjeret tidlegare i veka, enda det med at hovudsamanslutningane LO, Unio, YS og Akademikerne vart samde med KS om lønnsoppgjeret.

Men lærarorganisasjonane Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund og Lektorlaget vende alle tommelen ned for løysinga. Dermed gjekk saka til styrebehandling, der no altså Utdanningsforbundet stadfestar avgjerda, ifølgje Utdanningsnytt.

Sidan hovudsamanslutningane sa ja til løysinga, må lærarane vente to veker før dei kan byrje å streike.

– Eg skal ikkje spekulere i uttak, omfang eller tidspunkt. Men vi kjem til å leggje ein strategi som tek omsyn til at det ikkje er så lurt å ha masse lærarar i streik gjennom sommaren, seier Handal.

Dei andre partane i KS-oppgjeret aksepterte forslaget riksmeklaren hadde til løysing, og oppgjeret enda med ei ramme på 3,84 prosent. Det er litt over ramma frå frontfaget på 3,7 prosent.

– Når Utdanningsforbundet likevel ikkje kan akseptere resultatet, dreier det seg om at pengane er fordelte på ein måte som ikkje treffer lærarane godt nok. Særleg når bakteppet er at KS gjorde lærarane til lønnstaparar også i fjor, seier Handal.

(©NPK)