Klart for byggestart av ny redningsbase i Florø

Pilot på Sea King redningshelikopter løytnant Linn Elise Goos Rølvåg fra 330 skvadronen, før en flytur ut fra Ørland fly stasjon/ Pilot Lt Linn Elise Goos Rølvåg from 330 squadron before a fligth with a Sea King SAR helicopter located at Ørland air station

Pilot på Sea King redningshelikopter løytnant Linn Elise Goos Rølvåg fra 330 skvadronen, før en flytur ut fra Ørland fly stasjon/ Pilot Lt Linn Elise Goos Rølvåg from 330 squadron before a fligth with a Sea King SAR helicopter located at Ørland air station Foto:

Spaden skal i jorda før jul, og den nye redningshelikopterbasen i Florø skal stå klar til sommaren 2022.

DEL

Forsvarsbygg har inngått kontrakt med Consto AS. Kontrakta har ein verdi på cirka 160 millionar kroner. Spaden vert sett i jorda før jul, og anlegget skal stå klart til bruk i vår/sommer 2022.

Forsvarsbygg planlegg, bygger og driftar basene for Redningshelikoptertenesta sine nye helikopter, på oppdrag av Justis- og beredskapsdepartementet. Prosjektet kalles NAWSARH , ei forkorting for Norwegian All Weather Search and Rescue Helicopter.

Som Firdaposten tidlegare har meldt, er det Florø-firmaet Consto som har fått oppdraget med utviding og oppgradering av basen i Florø: Måndag signerte Consto kontrakten: Dei skal ha den nye redningsbasen i Florø ferdig om to år

- Et samfunnsmessig viktig prosjekt, og vi er stolte og glade for at vi nå inngår denne kontrakten, seier totalprosjektleiar Svein Solli i Forsvarsbygg.

Solli utdjupar:

- Redningshelikoptertenesta gjer ein kjempeinnsats for oss alle. Over heile landet. Då fortener dei gode bygg, og det er vår jobb å få desse på plass, seier han.

To helikopter

Nye, moderne redningshelikopter vert levert til redningstenesta. I samband med dette tilrettelegg Forsvarsbygg eigedom, bygg og anlegg for helikoptrene og deira mannskap på til saman seks baser i Norge, nærare bestemt Rygge, Sola, Florø, Ørland, Bodø og Banak.

Forsvarsbygg skal bygge ein heilt ny verkstadsdokk, og rehabilitere dagens bygg. Forsvarsbygg skal også drifte den nye basen som også inneheld kontor, administrasjon og tilstadevakt. Basen skal ha plass til to helikopter.

Byggearbeidet skal gjennomførast mens det er full operativ drift.
- Dette vil stille krav til god planlegging, logistikk og sikkerheit, seier Solli.

Ein stad for beredskap

- Dette blir ein stad for beredskap, operativ kraft, kvile for personellet og vedlikehald av helikopter, fortel han.

-Vi håpar departementet, Luftforsvaret og ikkje minst Redningshelikoptertenesta vil bli fornøyd med resultatet av byggeprosjektet.

Dei nye basene på Ørland, Sola, Rygge og Banak flystasjonar er allereie oppført og tatt i bruk. På Sola er det i tillegg også bygd eit leiingsbygg for 330-Skvadronen, samt at det er oppført bygg- og anlegg for trening og sertifisering av Luftforsvarets personell på dei nye helikoptra.


Foto: Thorbjørn Kjosvold/Forsvaret

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken