63,5 prosent svarar at dei ønskjer reversering av regionreforma. Det viser ei undersøking utført av InFact på oppdrag frå Lokalsamfunnsforeininga, som vart grunnlagt i 2009 på motstand mot «tvangssammenslutning av kommunar».

Ifølgje NRK Vestland er det berre drygt 22 prosent som meiner Vestland bør vidareutviklast, og ikkje uventa er Senterpartiet sine politikarar temmeleg delt i spørsmålet - på same måte som dei var det då nyefylket blei skipa i oktober 2019.

Heller ein ei reversering, bør ein no sjå framover, seier fylkestingsmedlem Jenny Følling til NRK.

- Omkampar er alltid skadeleg, legg ho til.

I oktober 2019 kledde fylkespolitikarar frå Hordaland og Sogn og Fjordane seg i bunad i Håkonshallen i Bergen.

Blant hordalendingane er synet på Vestland langt meir positivt. 38,9 er for, medan 37,4 vil reversere. Samla i dei to stortingsvalkrinsane i Vestland er det eit fleirtal for reversering på 43,1 mot 34,9 prosent.