Klar, ferdig Tour de Bremanger

Laurdag 30.mai er det klart for årets Tour de Bremanger. Her med Hornhelen i bakgrunnen. Alle Foto: Privat

Laurdag 30.mai er det klart for årets Tour de Bremanger. Her med Hornhelen i bakgrunnen. Alle Foto: Privat

Artikkelen er over 4 år gammel

Laurdag syklar dei frå Svelgen til Kalvåg

DEL

Presis klokka 08:00 laurdag 30. mai, legg Tour de Bremanger ut på tur for åttande år på rad.

– Ein treng slett ikkje å vere i superform for å vere med. Sykkel og hjelm må sjølvsagt vere i stand, men elles er dette ein sykkeltur med strek under tur. Det er ikkje noko race, og vi syklar i lag og skal ha det kjekt i lag, seier initiativtakar Per Arne Sæterlid.

Turen startar på Ninas Kro i Svelgen, går over dalen til Ålfoten, vidare til Davik, Rugsund, Oldeide, Bremanger og endar til slutt i Kalvåg.

– Vi skal stoppa mange plassar. Turen er totalt 11 mil, men tempoet skal vere slik at alle som berre trimmar litt, skal få vere med. Dette er ein sosial tur for vaksne menneske, seier Sæterlid og understrekar at aldersgrensa er på 30 år.

– Det er litt av poenget med turen. Det er godt med aktivitetstilbod for barn og ungdom i Svelgen. Er ein etablert og over 30 år, er det ikkje så alt for mange arrangement å delta på. Denne turen skal vere eit slikt tilbod. Vaksen tur med vaksen prat.

Kvart år er det 35–40 stykke som er med på turen.

– Høgdepunktet på turen er at når vi kjem fram til Kalvåg skal vi ete god mat og få god drikke, før turen heim til Svelgen går med båt, avsluttar Sæterlid.