Gå til sidens hovedinnhold

Kjente litt på kjensla på Kinn

Pandemien har gjort til at Kinnaspelet er avlyst i år, men kjensla av Kinn lever i beste velgåande skal det vise seg.

Denne helga opnar sommarferien for mange. Det er då skulane sluttar og folk i hopetal tek båten til Kinn, ruslar vestover på den kvite grusen mot Kinnakyrkja og mot klova der spelet går føre seg. Det er der du blir trollbunden kvar gong.

Kong Harald og dronning Sonja fekk ein liten smakebit av spelet i Florø kulturhus torsdag. Og det var fleire enn dronninga som då kjende kjenslene presse på. For Rolf Losnegaard si sterke historie om tru og tvil og død og liv, treff oss.

Gler oss til 2022

Og saknet av spelet som i 35 år har sett øya og kommunen på det kulturelle norgeskartet, har etter to år med ufrivillig pandemi-pause, no meldt seg. Og med nyrestaurert Kinnakyrkje skulle Kinnaspelet verkeleg skinne denne gongen. Men som den nye kinnaspel-sjefen Gustav Johan Nydal kunne melde til dei kongelege, i lag med ein invitasjon sjølvsagt, var at dei entusiastiske frivillige, venene av Kinnaspelet, Kinnakyrkja og Kinn har nytta nedetida godt. Nye kostyme er sydd, kyrkja er rusta opp og vedlikehald av spelplassen og området rundt er gjennomført.

Dugnad denne helga

Denne helga var det ingen vikingar, futemenn eller terner å sjå på Kinn, sjølv om det eigentleg skulle vore spel. Likevel såg ein bygdefolk i massevis med rake, motorsag og målarkostar. Til neste år på Kinn kan du blant anna vente endå betre utsikt mot klova, nyrydda plass til fleire, nye benkar, og eit nybeisa orkesterhus.

Leiar for styret i Kinnaspelet, Gustav Johan Nydal, var svært nøgd med dugnadskorpset han kan mønstre til innsats.

– Eg er berre kjempefornøgd. For mange er denne helga ei stor helg, og det hadde sjølvsagt vore fint med Kinnaspel. Likevel er eg takksam for at dugnadshelga vart ein suksess, kunne Nydal fortelje.

Kommentarer til denne saken