På nettsidene sine minner kommunen om nokre ting som kan vere lurt å hugse på for innbyggarane.

Mange stader er til dømes gatane smale, og det er liten plass til å brøyte unna snø. Kantstein, gjerde og gjenstandar som blir liggande under snøen er vanskeleg å oppdage, og er difor utsette for skadar.

Bilar som står parkert langs veg, eventuelt på tun lågare enn den vegen som blir brøyta, kan vere utsett for skade frå hard snø og grus som blir ført med snøen. Dersom du har fått skader etter brøyting må du rapportere til kommunen så snart du oppdagar skaden.Vinterlagring av utstyr bør gjerast i god avstand frå veg. Marker kantstein og andre murkantar med stikker, gjerne med refleks. Kommunen setter ikkje ut brøytestikker i byggefelta. For at brøytinga skal utførast forsvarleg og effektivt, må det innførast «vinterskilting». Parkerte bilar utgjer eit stort problem for brøytemannskapa og blir til hinder for utføring av nødvendig vedlikehald.

Vinterskiltinga gjeld difor i dei mest tettbygde delane av kommunen i perioden desember - april. Det vert sett opp eigne skilt i denne perioden som sjåførar må vere merksame på.

Kommunen har ansvaret for brøyting, strøing og anna vintervedlikehald av kommunale vegar. Kommunen er delt inn i brøyteroder der kommunen driftar enkelte område, og det er private entreprenørar som utfører brøytinga.

Brøyting på kommunale snuplassar blir utført av mannskap frå kommunen og entreprenørar.