Gå til sidens hovedinnhold

Kjem dei første poenga i dag?

Det blei tap i den første kampen. Laurdag er det nye moglegheiter mot eit Kvik Halden-lag med ambisjonar.

For abonnentar

Det er klart for årets første heimekamp for Florø Fotball. Motstandar er Kvik Halden, som har ambisjonar om å kjempe om opprykk. Det blir ikkje ein enkel oppgåve.

Christer Husa er framleis ute, etter at han fekk skuldra ut av ledd før seriestart. Det går nok eit par-tre veker til før kapteinen er tilbake på bana. I tillegg er Daniel Hamde suspendert etter å ha blitt utvist mot Eidsvold Turn.

Det betyr at Florø har ein midtstopparkrise. Adonis Brahimi er den einaste av dei tre sentrale forsvarsspelarane som kan spele, og dermed kan vi vente oss ein nødløysing. Mot Eidsvold Turn gjekk Dino Omerovic ned som midtstoppar då Hamde måtte ut. Kanskje blir det løysinga i dag også, men kven skal i så fall spele sentralt på midtbana?

Svaret får vi klokka 14.00. Då er det avspark på Florø Stadion.

Kommentarer til denne saken