Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Kinn Venstre er glad for at Utdanningsforbundet løftar skule som ei viktig sak i Kinn kommune framover, og vi deler deira bekymring for mangelen på kvalifisert personale og ei veksande rekrutteringsutfordring. Vi har mange på lista vår som kjenner skulesektoren godt, og som lever i denne kvardagen.
Kvalitet og rekruttering
Venstre er opptatt av kvalitet i skulen. Mykje er godt i Kinnskulen, Skavøypoll skule sine 5. klassingar er best i landet i matte, leste vi nett. Vi har mange kvalifiserte og dedikerte tilsette, som gjer ein utruleg viktig jobb for barna og ungdommane i kommunen vår. Men korleis skal vi få til å halde på kvaliteten, rekruttere inn, og ikkje minst ta vare på dei som allereie er i skulen i dag?
Det overordna målet til Kinn Venstre er at Kinn kommune skal vere ein attraktiv kommune for unge å flytte til og bu i. I dei 15 måla og prinsippa i programmet vårt kan du lese meir om korleis vi tenkjer å få det til.
Vi heiar på eit grønt og variert næringsliv, for vi veit at det ofte er to som må ha jobb når ein flyttar heim eller til ein ny plass, og derfor er det viktig med ein variert arbeidsmarknad. Å leggje til rette for staduavhengige statlege/fylkeskommunale arbeidsplassar er også eit av Venstre sine mål, som Venstre er primus motor for.
For oss handlar ein god skule for barn, som også er attraktiv for dei tilsette, også om gode fysiske arbeidsmiljø. Når ungdomsskulen i Florø fekk nytt aktivitetsrom for nokre år sidan, og no får nytt uteområde, så er det fordi Venstre har fått gjennomslag for dette i kommunestyret. Vi står på for ny Skram skole i Måløy, og pushar på for raskast mogleg realisering. Døma er mange, vi har ein stor jobb foran oss.
Kompetanseheving
Som Utdanningsforbundet påpeikar så ser ein at slik situasjonen er i dag er ein nøydde til å tilsette personale utan formell utdanning for i det heile å ha folk i klasserommet. Venstre meiner at kommunen no må leggje ein strategi for å halde på dei som ønskjer å jobbe i skulen, men som ikkje er kvalifisert, gjennom å tilby kursing og midlertidige opplæringstilbod for ufaglærte i skulen fram til dei får ein formalisert kompetanse.
Ein repetisjon av den desentraliserte lærarutdanninga som vart gjennomført i åra 2000-2004 saman med noverande HVL toler ei gjentaking. I våre 15 mål og prinsipp i programmet vårt er eit av måla: «Kinn kommune må utarbeide ein strategi for korleis ein kan bli ein meir attraktiv arbeidsplass for lærarar, til dømes gjennom program for fleksibel kompetanseheving i tett samarbeid med UH-sektor og andre aktuelle kompetansemiljø.»
For det er som rektor Bjørn Wilhelmsen ved Eikefjord Barne -og ungdomsskule påpeiker og kan forsikre om etter innlegget til Utdanningsforbundet; «mange av dei tilsette som er ufaglærte gjer ein fantastisk innsats, tryggare elevane våre og er varme vaksne». Kinn kommune må difor leggje til rette for at også desse kan få formell kompetanse, om det viser seg at å arbeide i skulesektoren er det rette for dei.
Sentralt jobbar Venstre også for å gjere læraryrket meir attraktivt gjennom å sikre fleire karrieremoglegheiter, gode lønnsbetingelsar og mindre byråkrati og papirarbeid. Dette vil frigjere tid til det viktige relasjonsarbeidet mellom lærar og elev.
Kinn Venstre ønskjer også å styrke laget rundt eleven ved å tilsette fleire helsesjukepleiarar, skulepsykologar, miljøterapeutar og rådgjevarar med formell kompetanse inn i skulen. Laget rundt barnet gjeld også i skulen.
Men kommuneøkonomien i Kinn er som kjent trang. Korleis skal Venstre så få det til? Er dette berre fagre valløfter? Vel, det kostar med kvalitet, og det kostar med ein god skule. Pengar brukt rett i skulen, er likevel også pengar spart i det store langsiktige bildet. Tenk kva det kostar på samfunns- og individnivå at barn fell utanfor?
Kinn Venstre lovar å prioritere dette arbeidet. Men skulesektoren må som alle sektorar også sjå på kor det er mogleg å få til innsparingar, samtidig som vi held på kvaliteten. Vi må jobbe smartare. Vi må lytte til fagfolka.
Det å lage gode strategiar for rekruttering, leggje til rette for kompetanseheving og gjere tiltak i tett dialog med dei tilsette er likevel tiltak som ikkje treng å gå ut over eit trangt kommunebudsjett. Tidleg innsats kostar, men vi sparar det inn på sikt.

Kjære arbeidsgjevar, som har tilsette i skulen!

– Lærarkrisa kryp nærare Kinn, åtvarar dei

Kjære foreldre som har barn i skulane i Kinn!
