Av og til kan det vere frykteleg vanskeleg å vite om ein skal le eller grine av det ein les. Eg vel å tru at innlegget «Kjære foreldre som har barn i skulane i Kinn!» i Firdaposten 27. august er vel meint, og ikkje eit forsøk på å hengje ut nokon. Likevel blir dette et sleivspark i retning av dei tilsette som kvar dag gjer ein strålande jobb, men som blir stempla som «ukvalifiserte» av Utdanningsforbundet Kinn, representert av hovudtillitsvald Sonja Olsen.

På Eikefjord barne- og ungdomsskule har vi eit godt og blanda kollegium, med både faglærde og ufaglærde tilsette. Felles for alle desse er at dei jobbar i retning av same mål, mellom anna å være trygge og varme vaksne som alltid er til stades for elevane når dei treng det. Eg personleg har møtt mange godt utdanna lærarar opp gjennom åra, som ikkje har hatt dette som eit særleg prioritert fokusområde, for å seie det i eit litt varmt og mildt ordelag. Ingen nemnt, ingen gløymd. «Berre lærarar er lærarar».

Eg er sjølvsagt bekymra for lærarrekrutteringa i tida framover, både med tanke på vår eigen skule, i Kinn kommune og for så vidt rundt omkring i landet. Der er eg på ingen måte i usemje med Utdanningsforbundet. Uavhengig av det har vi ofte behov for hjelp frå våre tilsette som ikkje har lærarutdanning, for å sikre forsvarleg drift av undervisinga gjennom skuledagen. Er eg bekymra for at elevane ikkje får opplæringa dei har krav på? Er eg bekymra for at kvaliteten på opplæringa er for dårleg? Nei, eg er ikkje det. Vi driv jo faktisk skule med heimel i opplæringslova, av alle ting.

Opplæringslova § 10-11 formulerer at ein som ikkje er tilsett i undervisningsstilling kan hjelpe til i opplæringa dersom dei får nødvendig rettleiing. Dei kan ikkje ha ansvaret for opplæringa, men kan hjelpe til i den grad eleven får forsvarleg utbytte av opplæringa. Våre tilsette utan lærarutdanning får nødvendig rettleiing og oppfølging i undervisningssituasjonen. Ansvaret for opplæringa ligg hos rettleiar. Foreldra har gitt gode tilbakemeldingar. Ja, for vi informerer dei jo sjølvsagt om kva vi held på med.

Innlegget, skrevet på vegne av Utdanningsforbundet Kinn, signert hovudtillitsvald Sonja Olsen, insinuerer at dersom skulane er nøydd til å setje inn personell utan formell kompetanse inn i undervisinga, så bør foreldra vere djupt bekymra. «Berre lærarar er lærarar».

Eg er bekymra for at Utdanningsforbundet Kinn vel å generalisere ei slik framstilling av bruk av tilsette utan lærarutdanning. Eg er bekymra for at Utdanningsforbundet Kinn vel å referere til desse som «ukvalifiserte» ved fleire høve, på ein måte som får desse til å framstå som kriminelle som forsøker å korrumpere elevane dei er så heldige å få satt klørne i. Opplæringslova § 10-2, fjerde ledd, opnar opp for bruk av personell utan relevant kompetanse i undervisningsfag i tilfelle der skulen ikkje har nok kvalifisert undervisningspersonale. Kan vi ikkje då sjå føre oss at skulane gjer dette for elevens beste, med heimel i nettopp opplæringslova?

Jau, det er greitt å vere bekymra, men fortset heller med fokus på korleis ein kan løyse dette, i staden for å anta at tilsette utan lærarutdanning ikkje kan gjere ein god jobb. Vi set dei inn i undervisninga når det er nødvendig fordi dei har den kompetansen som skal til for å tryggje elevane gjennom skuledagen, samstundes som vi veit at dei gjer sitt beste for å sikre at elevane får den opplæringa dei har krav på. Vi gjer dette fordi lærarsituasjonen i Kinn er vanskeleg, men har opplæringslova i hand og elevens beste i fokus.

«Berre lærarar er lærarar» kan opplevast som diskriminerande og ekskluderande. Vi må hugse på at skulen er eit samarbeid mellom fleire yrkesgrupper, der alle har ei viktig rolle.

Som rektor på Eikefjord barne- og ungdomsskule går eg hermed god for at alle våre tilsette er godt kvalifiserte for oppdraget dei er sett til å utføre i skulekvardagen og på SFO.

Les også

Kjære foreldre som har barn i skulane i Kinn!