Det er ein tydeleg provosert Kinn-ordførar vi kjem i kontakt med onsdag. For etter pressekonferansen onsdag føremiddag der regjeringa vil halvere maksprisen på kortbanenettet, er det ein soleklar tapar: Florø lufthamn.
– Det er verkeleg flott at regjeringa vil redusere flyprisane i distriktet, men for vår del gjer dei det stikk motsette. Dette er ei ordning eg har åtvara ei rekke gongar mot, seinast 26. januar, slår Teigen fast.
Den flotte ordninga som no er presentert gjeld for dei flyplassane som har FOT-ruter. I Sogn og Fjordane gjeld dette Sandane-Anda, Sogndal-Haukåsen og Førde-Bringeland. Florø har i dag ei mellombels FOT-ordning fram til 1. mai 2024, som betyr at staten går inn og kjøper kapasitet.
Men etter 1. mai 2024, då den nye konsesjonen skal gjelde, vil Florø på nytt bli ein heilkommersiell flyplass. Dette får blodet til å koke i Kinn-ordførar Ola Teigen. For det er både urettferdig og konkurransevridande.
Florø blir tapar, igjen
– Florø vart ei heilkommersiell flyplass under Frp og Høgre-regjeringa i 2016. No når regjeringa skal inn og subsidiere rutene på kortbanenettet, så gjeld ikkje det Florø. Ingen av dei gode ordningane på Sandane, i Førde og Sogndal vil gjelde i Florø.
Under pressekonferansen i dag tidleg løfta regjeringa fram Stord-Oslo som ny FOT-rute, men ikkje Florø-Oslo eller Florø-Bergen. Det Teigen fryktar er at vi no vil risikere dyre flybillettar til og frå Florø medan naboflyplassane i Førde, Sandane og Sogndal får halverte prisar.
– Vi kjem ikkje til å finne oss i at vi sit igjen som taparar nok ein gong. Vi vil oppleve det motsette av flyplassane kring oss. Redusert rutetilbod og dyrare prisar. Uhøyrd, slår Teigen fast.
Har åtvara
Det Teigen opplever som utfordrande er at han har åtvara mot at dette skulle skje. Han har løfta fram kor urettvist dette blir, men er ikkje blitt lytta til i opplegget regjeringa no ruller ut.
– Seinast no 26. januar var eg i møte med statssekretær Bent-Joacim Bentzen (Sp) om saka. Det er også noko eg har drøfta og spelt inn tidlegare med samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap), seier Teigen og kjem med ei klokkeklar oppmoding til dei lokale representantane.
– Marsjordren til Torbjørn Vereide og Erling Sande og dei andre stortingsrepresentantane våre, er å gjere slutt på den uretten Florø no er utsette for. Vårt næringsliv og våre innbyggarar skal ha likebehandling i høve til området kring oss. Det får vere måte på, seier Teigen som meiner regjeringa ikkje har tatt inn over seg situasjonen for dei reisande til og frå Florø.
– I dag betalar vi 3300 kroner for ein fullprisbillett til Bergen. Svolvær-Bodø, som er ei strekning statsråden trekte fram under pressekonferansen i dag; vil få halvert billettprisen frå 1200 kroner til 600 kroner etter regjeringa si nye ordning. Reisetida der er identisk med Florø-Bergen. Så dette viser berre den uretten vi er utsette for. No er det på tide at innbyggarar i Kinn skal kunne komme seg ut i verda på like vilkår som dei andre kring oss, slår Teigen fast.
