Får ein million til Kinnakyrkja

KinnAKYRKJA: Treng sårt restaurering. Foto: arkiv

KinnAKYRKJA: Treng sårt restaurering. Foto: arkiv

Artikkelen er over 1 år gammel

Riksantikvaren har løyvd ein million kroner til restaureringa av steinkyrkja på Kinn.

DEL

Flora kommune hadde opphavleg søkt Riksantikvaren om to millionar kroner til restaureringa av Kinnakyrkja. No har ein fått halvparten, fordelt på 2018 og 2019.

– Riksantikvaren opnar også for at ein kan søke på nytt i 2020, og Flora kommune kan då håpe på ei tilsvarande løyving, sidan prosjektet ikkje vert avslutta før i mai 2021, opplyser prosjektleiar i Flora kommune, Edvin Helgheim.

– Det er søkt om to millionar kroner. Av omsyn til andre store tilskotstildelingar vil Riksantikvaren førebels bidra med ein million fordelt over to år. Vil vil også vurdere ein eventuell ny søknad om tilskot for 2020, står det i tilsagnsbrevet.

PROSJEKTLEIAR: Edvin Helgheim er prosjektleiar for opprustinga av den gamle steinkyrkja. Foto: Andreas Hopen

PROSJEKTLEIAR: Edvin Helgheim er prosjektleiar for opprustinga av den gamle steinkyrkja. Foto: Andreas Hopen

Denne millionløyvinga kjem trass i at Riksantikvaren (RA) vanlegvis ikkje gir tilskot til restaurering av meinigheitskyrkjer.

– RA vil likevel bidra økonomisk til dette prosjektet, på grunn av Kinn kyrkje sin spesielle plassering, tilgjengelegheit og bruk, samt dei openberre og store restaureringsmessige utfordringane i kyrkja, skriv Riksantikvaren i grunngjevinga.

Mellomalderkyrkja på Kinn har eit omfattande behov for rehabilitering. Det er no planlagt omlegging av tak, utbetring av golv og murveggar, og reparasjon av dører og vindauge. Totalt er arbeidet stipulert til nærare 15 millionar kroner, og det er planlagt oppstart etter Kinnaspelet i år.

Forsvarsbygg har på vegner av Flora kommune no lyst ut anbod på dette.

Artikkeltags