Kinn kommune: Vågsøyværingar krev stemmeoppteljing separat

DEL

Nils Myklebust i Senterpartiet fryktar at mange vil la vere å stemme i kommunevalet i nye Kinn kommune, sidan Vågsøy-stemmene ikkje skal teljast opp i Vågsøy kommune. Dette melder NRK.

– Det er mange som har sagt til meg at sidan stemmene ikkje blir telt kvar for seg i Flora og Vågsøy, så vil dei ikkje røyste, fortel Myklebust.

Både Sp og Raudt har teke til orde for separat oppteljing. Argumentasjonen er at ei samla oppteljing ikkje vil vise resultata i dei noverande kommunane.

Praksisen kring om i kommune-Norge er ulik i slike situasjonar og no vil Sp ha omkamp om avgjersla som blei teken i vår om den praktiske gjennomføringa av valet. Dei vil ha saka opp att i valstyret. Dei viser til at det eksisterer ikkje nokon bestemte reglar om tidsfristar for slike vedtak.

Valforskar Bernt Årdal påpeikar at det er uheldig at det blir skapt eit inntrykk av at det ligg politiske grunnar bak korleis valet blir gjennomført.

Artikkeltags