Det er bakgrunnen for at Kinn kommune onsdag lyste ut heile ti nye prosjektstillingar, der samtlege stillingar er øyremerkt arbeidet med ei mogleg framtidig deling av kommunen.

Kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen uttalte tysdag til Firdaposten at tida er knapp, om ein skal ha to nye kommuneorganisasjonar klare og operative, viss ei deling blir ein realitet allereie 1. januar 2024.

– Etter mitt syn må dette arbeidet starte allereie i september månad, og det har eg for lengst signalisert til politikarane, seier Bang-Olsen til Firdaposten.

Utlysinga som Kinn kommune no har lagt ut på finn, blir omtalt som «ei kartlegging av interesserte». Dei ti personane som som kommunen no ser føre seg å trenge hjelp frå, kan bli hyra inn på engasjement i alt frå tre til 15 månader, ifølgje utlysingsteksten.

I annonsen ramsar kommunen opp kva eventuelle søkjarar bør ha kompetanse på:

- Prosjekt og prosjektleiing

- Sakshandsaming

- Utarbeiding av retningslinjer, forskrifter og regelverk

- Organisasjonsutvikling og arbeidslivskompetanse

- Politisk organisering og lokalsamfunnsutvikling

- IKT og digitale løysingar

- Forhandlingar og innkjøp

- Kunnskap om matriklar, kart og liknande.

Når det gjeld generelle kvalifikasjonar er kommunen ute etter personar med høgskule- eller universitetsutdanning innan jus, økonomi, prosjekt, forvaltning, organisasjon eller planlegging. Også fagutdanna personar innan helse og tekniske fag kan melde si interesse.