- Eg er svært nøgd med lista vår

TOPPKANDIDATANE: Dei seks første på lista, frå venstre:
Randi Aare, ordførarkandidat Sidsel Kongsvik, Fredrik Egeberg, Jan Arve Midtbø, Torgunn E Eikevik og Jon Valur Olafson.

TOPPKANDIDATANE: Dei seks første på lista, frå venstre: Randi Aare, ordførarkandidat Sidsel Kongsvik, Fredrik Egeberg, Jan Arve Midtbø, Torgunn E Eikevik og Jon Valur Olafson. Foto:

Nominasjonen i Kinn Senterparti er klar, og dei har kvinneleg ordførarkandidat.

DEL

- Kinn Sp hadde laurdag nominasjonsmøte i Måløy, med godt oppmøte. Vi har vedteke lista til Kinn SP.  Lista har 30 kandidatar, og er endeleg, fortel Nils Myklebust, leiar i Kinn Senterparti.

Denne lista til nytt kommunestyre i Kinn, har ei god geografisk fordeling, god yrkesmessige fordeling og god aldersfordeling av yngre medlemmer som ynskjer å gjere ein jobb for SP sin politikk, meiner han.

- Mange nye namn i politikken, men mangel på erfaring er inga hindring, det tek vi att i rikt monn med entusiasme og pågangsmot. Dette er utvilsamt ei sterk liste i både Flora og Vågsøy. Lista er historisk, som den første i Kinn Sp si historie, seier Nils Myklebust.

- Som leiar av Kinn Sp så er eg svært fornøgd med lista, og er svært audmjuk over at så mange har gått saman, og ikkje berre sagt seg villige til å stå på lista, men faktisk sagt at dei ynskjer å stå på Sp si liste. Sp er i medvind for tida og det har si gode forklaring i at vi er eit distriktsparti fram for nokon, vi er og eit parti som forsvarer folkestyre, med alt det inneber. Vi setter oss hårete mål, vi satser på at vi vil få inn 10representanter+ i Kinn kommunestyre, seier Myklebust.

Kinn Senterparti har også vedteke program for Kinn Sp i tida 2019-2023, og vald valkamputval, forhandlingsutval og ei referansegruppe.

Lista til kommunevalet:

  1. Sidsel Kongsvik                 1978  Raudeberg
  2. Jan Arve Midtbø               1959  Nordalsfjord
  3. Fredrik Egeberg                   1968   Måløy
  4. Torgunn Elisabeth Eikevik    1975   Stavøy
  5. Randi Hagevik Aare              1958  Deknepollen
  6. Jon Valur Olafsson               1987   Store Høydal
  7. Øystein Sortland                 1979   Kvalheim
  8. Geir Henning Seljeseth          1983  Fanøy
  9. Henriette Skaar                    1982  Måløy
  10. Marianne Kvalvik Kvamme    1980  Eikefjord
  11. Tom Andre Hopland             1980  Holvik
  12. Einar Vereide                        1963  Florø
  13. Ragne Beate F Larsen           1980 Vågsvåg/Oppedal
  14. Stig Midtbø                           1963 Nordalsfjord
  15. Jon Asle Svår                       1981  Måløy
  16. Kim Nordal                          1982  Nordalsfjord
  17. Olav Horn                           
  18. Asle M Ellingssund
  19. Charles Skorpeide             1959  Florø
  20. Olaug Tennebø                 1947  Deknepollen
  21. Hans Gunnar Våge           1954  Deknepollen
  22. Trond Terøy                    1980  Litle Høydal
  23. Elisabeth Solheim
  24. Anne Petrin Kvalvåg         1972  Deknepollen
  25. Anita Eikevik                     1981  Eikefjord
  26. Frank Thomas Ellingssund 1975  Florø
  27. Helge Terøy
  28. Oddvar Karlsen                 1944  Høydal         
  29. Inger Lise Dikkanen                     Måløy
  30. Asgeir Solheim                  1946  Deknepollen

Artikkeltags