Gå til sidens hovedinnhold

Kinn Sp søker samarbeid med andre parti

Artikkelen er over 1 år gammel

– Vi vil søke andre samarbeidspartnarar i Kinn kommunestyre, og inviterer med dette dei andre partia til diskusjonar.

Det seier varaordførar Sidsel Kongsvik og leiar i Kinn Sp, Nils Myklebust, i ei pressemelding.

– Vi hadde måndag eit gruppe-/styremøte, der vi diskuterte situasjonen etter at Kinn AP erklærte eit uforståande brot på samarbeidsavtalen, som ikkje var eitår gammal. Sp vil no som følge av dette søke andre samarbeidspartar. Med dette så inviterer vi dei andre partia til diskusjonar.

Partiet ser som eit overordna mål å få kontroll over økonomien i Kinn kommune.

– Vi vil prioritere nye sjukeheimsplassar og eldrebustadar i Florø, Skram skule, gymnastikksal ved Florø barneskole, og brannstasjonar i Florø og Måløy, seier Kongsvik og Myklebust.

– Rådhus i Florø kan vi vere med på dersom ein held seg innafor vedteken kostnadsramme og det som er kommunen sitt behov, og at det er sjølvfinansierande, legg dei til.

Les også

Onsdag møtast Ap, Venstre og Høgre til nye Kinn-forhandlingar

Dei vil jobbe for at eigedomskatten ikkje skal auke, og dei ser dei andre kommunale avgiftene i samanheng med dette.

Som kjent forhandlar Ap, Venstre og Høgre om ein ny styringsplattform for Kinn kommune, og desse tre har hatt fleire møter. Blir dei samde kan det komme endringar i mellom anna hovudutval, og i stillingsprosenten til varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp).

– Kinn Sp vil motsette seg endringar på alt vedkommande samansetninga av hovudutval, og står fast på den konstitueringa som er vedteken då kommunestyret konstituerte seg 25.09.19, seier Myklebust og Kongsvik.

Les også

Meldte seg ut av Sp - no har han funne nytt parti

Les også

Så mykje var Kinn Ap å stole på

Les også

– Kjekt å ha-politikken kjem til å svi

Kommentarer til denne saken