Kinn ønsker å få tiandeklassingane opp i flytsona på veg mot vaksenlivet

FLORØ: Kinn kommune skal delta i Flyt-programmet for tiandeklassingar.

DEL

Hausten 2020 startar Kronprinsparets fond og Kinn kommune Flyt-programmet. Dette er eit livsmeistringsprogram for tiandeklassingar som vil bruke av fritida si til å førebu framtida. Det vil seie trene på ulike strategiar for å meistre nokre av dei utfordringane dei kan møte i livet. I Flyt får du både spennande aktivitetar og nyttige øvingar, både for å bygge god psykisk helse, utvikle sosial kompetanse og gode kommunikasjonsferdigheiter.

Alle ungdommar i 10. klasse i Kinn kan søke om å få vere med i Flyt. Ungdommar med ulik bakgrunn og erfaring blir inviterte til å vere med.

I programmet får ungdommane vere med på aktivitetsdagar i oktober; det blir ti ettermiddagssamlingar kvar måndag fram til februar, deretter kvar månad våren 2021. I tillegg blir det helgesamlingar i januar og september 2021. Det kostar heller ingenting å delta.

Og no søker dei fire dyktige, trygge, vaksne leiarar til Flyt-programmet.

Flyt-programmet har blitt prøvd ut i fleire kommunar, før det no er komme til Kinn. Først som prøveprosjekt i Sarpsborg og Hurdal, og førre skuleår også i Drammen og Søndre Land.

Om programmet har noko effekt, er for tidleg å seie. Det tar tid å gjere endringar ein vil kunne merke på statistikkane. Men målet med Flyt, på kort sikt, er at deltakarane skal vere meir på skulen, og oppnå betre livsmeistringsferdigheiter, få større innsikt i eigne ønske og val for framtida. Så er målet at dei skal ha minst ein venn både på og utanfor skulen.

– Det langsiktige målet er at fleire unge gjennomfører vidaregåande opplæring. Flyt er utvikla i samarbeid med fagfolk og kompetansemiljø. Forskingsstiftelsen Fafo følger oss, slik at vi etter kvart vil få eit godt grunnlag for å måle resultata av programmet, sa Irene L. Lystrup, dagleg leiar i stiftelsen Kronprinsparets fond til Oppland Arbeiderblad i februar i år.

Artikkeltags