Gå til sidens hovedinnhold

Kinn og Bremanger har færre ledige enn landssnittet

Artikkelen er over 1 år gammel

NAV: Meir enn 400.000 menneske, eller ti prosent av arbeidsstyrken, er no arbeidsledige på landsbasis. Det står berre litt betre til lokalt.

Kinn kommune har no 508 heilt ledige, noko som er 208 prosent fleire enn på same tid i fjor. For Bremanger er tilsvarande tal 125, ein auke på 155 prosent. For Kinn kommune utgjer dette 8,1 prosent av arbeidsstyrken, for Bremanger 7,1.

I Vestland fylke under eitt er det tilsette innanfor butikk- og salsarbeid det har gått verst ut over, der det i denne gruppa no er 5672 ledige, og reiseliv og transport, der det no er 5550 ledige. Også serviceyrker med 4218 ledige og kontorarbeid med 2526 ledige er hardt ramma. Totalt i Vestland fylke er det no 34.274 ledige - ein auke på 336 prosent frå same tid ifjor.

Kommentarer til denne saken