Gå til sidens hovedinnhold

Kinn leverer!

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Er det virkelig sånn at ingenting har blitt betre i Kinn? Sjølvsagt ikkje. Kinn leverer på mykje.

Først. For å vere heilt klar på det så meiner eg ein må rydde skikkelig opp i rotet rundt eiendomsskatten. Dette ser også ut til å vere innstillinga til både posisjon og opposisjon før neste kommunestyre no i april. I dette innlegget vil eg løfte fram kor mykje positivt som faktisk skjer i Kinn og på kysten om dagen, og viktigheita av kommunen som samfunnsutvikler i dette bildet, for det skjer utruleg mykje bra, også i tjenestene. Ein har utfordringar som alle andre kommunar, men bildet er faktisk ikkje like svart som enkelte skal ha det til. God lesning!

Gode levande kystsamfunn blir skapt i samhandlinga mellom innbyggarar, frivilligheit, eit skapande næringsliv og tenestene kommunen leverer. Så korleis leverer Kinn kommune for å utvikle kysten vår? Kinn leverer på det viktigaste: På tenestene, rolla som samfunnsutviklar og viktige politiske gjennomslag for infrastruktur, utdanning og tilbod som styrker moglegheitene for å leve og jobbe på kysten.

Samfunnsutvikling – byggeboom i nord og sør

Mange prosjekt det har blitt jobba tolmodig med av huseigarar i mange år, har bygd seg opp, og no fått ein forløysande effekt av den offensive satsinga på plan og regulering i Kinn kommune. Det har også smitteeffekt i nye prosjekt. Det som blir omtalt som tidenes byggeboom er i gang i Florø, og Måløy er i startgropa på ei stor utvikling!

Gode planressursar er heilt avgjerande for at eit fantastisk og satsande næringsliv skal utvikle nye prosjekt og ikkje minst for ei heilheitleg og god stadutvikling. I Florø kjem det no næringslokale og bustader i Strandgata 58 og Strandgata 56, bustadprosjekt i Markegata, Victoria hotell har planer om tårn og skybar og rådhuskvartalet i Bankhola kjem. Trovik-kvartalet og Gartnerihagen har endeleg funne si løysing i ny kommune etter lang tid og på Fugleskjærskaia er ein i gang med utbygging av ein ny flott terminal og kontorbygg. Eit einstemmig kommunestyre har også etter 10 år med uvisse, no funne ei løysing for sjukehustomta med å satse på eldrebustadar sentralt i Florø. Idrettsløftet ligger i økonomiplanen. Offentlege instansar som Forsvarsbygg satsar 160 mill kr på ny base til redningshelikoptertenesten som nettopp var i aksjon utan for Stad, Peak Florø er fylt opp av aktivitet og på Oljebasen kjem det heile tida nye satsingar i omstillinga til nye energikjelder. Ei fantastisk utvikling i byen!

Det blir no også jobba for fullt med sårt tiltrengt og viktig ny arealplan og sentrumsplan i Måløy-området av planavdelinga, og service på byggesaker er et stort satsingsområde i Kinn kommune som fører til mykje raskare framgang. Peak Måløy har blandt anna lansert teikningar jobbar tett inn mot sentrumsplanen. I Måløy blir det no arbeidd heilheitleg av kommuna og Måløy Vekst for oppgradering av gate 1. Det er bygd nye leiligheter og næringsareal i Måløy sentrum med nye Skramsgården og den tidlegare fabrikken Firda Canning er blitt oppgradert mellom anna med ny butikk og skaper aktivitet i byen.

Næringslivet utvidar: i nord har Måløy Seafood bygd nytt fryselager i Sjøgata og Selstad skal utvide, Båtbygg aukar lagringskapasiteten, Domstein har planer om fabrikk, Babord har store planer i Maritim Park og det blir etablert landbasert oppdrett. Ein ser mykje av det same i næringslivet i Florø-området. Kinn er heldige å ha fleire internasjonale, offensive miljø som blandt andre Teknopollen, Basen i Florø, Brødrene Aa i Eikefjord, Evoy, Havkraft, Nordvestvinduet, Måløymiljøet og alle skipsdesignmiljøa og verfta. Desse treng ei like offensiv kommune, dei treng oppdaterte planverk og rask service når dei vil utvikle seg. Ein gjenganger i mange av utbyggingane frå privat næringsliv er skryt til planavdelinga i kommuna for god og rask oppfølging.

Dette åpner for byutvikling med ny aktivitet, oppussing av fasader og bygg. I det private ser vi at det skjer store satsingar på Måløy Brygge, Amfi i Florø og Storsenteret i Polljen satsar på at ny arealplan kan hjelpe på spennande utviklingsplaner. Moderne kontorfellesskap sentralt i byane skaper viktig aktivitet. Peak Florø har fylt opp dei gamle lokala til Sparebanken Sogn og Fjordane med ny aktivitet på under eit år og Peak Måløy startar no arbeidet for fullt med eit spennande prosjekt for kontorfellesskap, overnatting, auditorium mm. Dette gir nytt liv i ein gamle bygg og god sentrumsutvikling. Det blir bygd nye hus fleire stadar i kommunen og utvikla og planlagt nye leilegheiter og bustadfelt. Eit godt eksempel er Solvang med leilegheiter og næringspark i Polljen. Det skjer so mykje i heile kommunen no at det er vanskelig å få med seg alt, men eg prøver å få med det eg kan fordi det er konkrete eksempel på ting som fungerer. Kommunen sjølv sørgar for at Kirkeparken i Florø blir rusta opp og turstiar vedlikeholdt, stiar i Måløy blir merka, snarvegane mellom gatene blir rusta opp og det skal endeleg byggjast ny og trygg skuleveg til ungdomsskulen i Måløy, der uteområdet også har blitt farga med tidsriktig gatekunst.

Kommunen satsar på turisme og bolyst saman med Måløy Vekst og Fjordkysten og hjelper frivillige som satsar. Friluftsområdene på Moldøen, Sørstrand Folkepark i Florø og området rundt Polljavatnet blir rusta, nyrestaurert veg ut til Hendanes fyr står klar, alle fyra i nord har fått stell, Refviksanden får nødvendig sikring og det er planlagt tiltak for turistane i Kråkenes, Oppedal (Kannesteinen), og på Kinn og Svanøy som viktige delar av Kystpilgrimsleia.

Det blir satsa langt meir på byutvikling no spesielt i Måløy, men også i Florø og det lovar godt for den heilhetlige utviklinga framover. Levande gater er noko av det som skil både Florø og Måløy positivt frå andre jamstore stadar, og saker som plassering av viktige «aktivitetsskaparar» har stor betydning for gatelivet. Skram Skole er i gang og planlagt utan basseng fordi Nordfjordbadet skal styrke og skape aktivitet i sentrum av byen, det same gjeld plasseringa av rådhuset i Florø.

Kinn-effekten er tydeleg med den forløysinga vi ser av byggeaktivitet både i Måløy-regionen og Florø-området og det er utruleg kjekt å sjå den optimismen og aktiviteten som er i kystbyane om dagen. Vi er heldige som har so mange offensive huseigarar og næringsliv som vil satse med so mange nye prosjekt på gang i begge delar av kommunen.

Eg har fleire vennar som har flytta heim den siste tida. I Måløy-området vart det meldt om fleire gravide allereie i februar i år enn det var født ungar i heile fjor. Vi må håpe at dette er teikn på at vi går mot lysare tider på kysten (med litt hjelp frå meir heimetid dette året).

God samhandling mellom offensiv næringsliv (og næringsorganisasjonar), frivillige og ein ny kommuneorganisasjon som er rigga for samfunns- og næringsutvikling gir meg tru på framtida. Dette samarbeidet kan gi mykje heimflytting, tilflytting og turisme i både byane og alle dei vakre grendene.

Nokre har kanskje frykta at kvaliteten på tenestene blir dårligare med Kinn. Fakta er at ein i ein ny organisasjon har klart å tilby innbyggjarane fleire kvalitetstilbod for ressursane:

Kommunen har fått den høgast hengande prisen som beste kommune i Norge på aktiv eldreomsorg der helseministeren overrekte Leve Heile Livet-prisen, dei har fått Etikkprisen i eldreomsorga, kommuneoverlegen har fått nasjonal pris for solid arbeid midt i ein pandemi og viktigare; kommunen har fått svært gode tilbakemeldingar på heimetenestene frå brukarane sjølve. Ein har satsa på digitalisering og fleire bustadar for eldre. Det er innført fritidskort for alle barn i Kinn, og kommunen har fått nasjonal merksemd for samarbeid mellom frivillighetssentralene (Måløy og Florø) og kommunen. Nyleg vart Kinn trekt fram i ei stortingsmelding i saman med Sunnfjord for sitt arbeid med SFO og gode kulturskular. Kinn har betra tilbodet til fleire grupper gjennom for eksempel styrka psykologtenester og for et par månadar sidan fekk vi NRK-innslag både på tv og nasjonal radio frå arbeidet med musikkterapi i Kinn kommune. På Kulatoppen omsorgssenter fekk vi sjå dei jobbe med eit Europeisk musikkterapiprosjekt der Kinn og Bergen er einaste norske kommunar som har fått vere med på utprøvinga. Slike bilder viser kor godt ein jobbar i eldreomsorga i Kinn og er noko å vere stolte av. I vår fekk vi sjå styrene i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) og Kommunenenes Sentralforbund (KS) nominere Kinn Kommune til topp 3 vertskommuner for næringsliv i Norge i kategorien over 15000 innbyggarar. Dette er utruleg imponerande. Rett før påske vart arbeidet med vanskelegstilt ungdom løfta fram. Kinn leverer godt fordi hardtarbeidande, varme og flinke tilsette frå gamle Vågsøy og Flora kommune har samarbeida godt for å levere svært gode tjenester og ein organisasjon som leverer dette saman. Kinn leverer, trass pandemi og geografi!

Men det er også vanskelege val som skal takast i ein nasjonalt trong kommuneøkonomi og eit Norge som blir eldre og eldre. Eg personleg håper trass dette at for eksempel Stavang får sin sjanse til å behalde skulen i ein kystkommune i stor utvikling og med nye spennande planer i bygda. Det kan heldigvis sjå ut til Stavang og Steinhovden no får en ny mulighet.

Det tar tid å sjå resultat av tiltak for effektiviseringstiltak. Det blir for enkelt å seie at dette ikkje går an å oppnå med delt kommunesenter og administrasjon. Det er ikkje berre Kinn som har dette. Pandemien har vist at Kinn fungerer og leverer godt på tjenestene med ei god samankopling digitalt og heng også fysisk betre og betre saman sjøvegen. Alfred Bjørlo i Stad snakkar heilt riktig om at digitaliseringa gir muligheitar i distrikta muliggjer at ein kan jobbe desentralisert i administrative oppgåver. Fleire kommuner har ikkje berre vore delt men hundredelt i pandemien, styrt frå diverse stuer rundt om kring så det blir litt søkt å seie at dette er årsaka til at Kinn ikkje kan bli effektiv. Kinn viser med all tydeligheit at digitaliseringa gjer lokalisering av både statlege og private arbeidsplassar i distrikta er aktuelt og naturleg – delt kommunesenter framstår ikkje som rart, men heller framtidsretta i den utviklinga vi ser i verden i dag. Dette gjer det lettare å busetje seg og jobbe der ein vil og samtidig bygge eit godt tilbod. Leiaren i Stad Vekst i nabokommunen bur på ei øy utanfor Florø med solid digital tilkopling og fungerande båtruter til ei kommune med todelt administrasjon mellom Nordfjordeid og Selje i Vestland fylke med tredelt administrasjon. Det er verken uvanlig eller umulig å drive med delt administrasjon, men det er gjerne litt uvandt.

Politiske gjennomslag

Ein annan viktig del Kinn leverer på i større grad en før er politiske gjennomslag for kysten. Og her blir det av og til sagt at ingen politiske seierar skjer på grunn av Kinn med sine 17300 innbyggarar, men kvifor har det då ikkje skjedd før no? I politikken har ein fått større politisk gjennomslagskraft som gjer at ein har klart å jobbe fram betre (fleire) båtruter på kysten Florø-Bremanger-Måløy allereie. Ein har også oppretta eit samferdsleutval for brei innsats i infrastruktursaker der innbyggarane også lettare kan komme med innspel. Båtrutene skal bli ytterlegare styrka frå 2022 med ny båt, fleire ruter, betre tider for pendling til vidaregåande skule, betre tilpassa flytilbod og forlenging til Selje. Dette skapar ein større og meir integrert arbeidsmarknadsregion på kysten og sikrar også tilbodet på øyane. Det største og viktigaste gjennomslaget for kysten kom likevel, etter brei politisk innsats i Kinn, Stad, Vanylven og Vestlandskysten, der FRP til slutt sparka ballen i mål og sikra oppstart for Stad Skipstunell. Her er det liten tvil om at innsatsen til kystpolitikarane Frank Willy Djuvik i Kinn FRP (tilsatt i Måløy Vekst), Britt Dalsbotn i FRP, Rolf Domstein i styringsgruppa og Randi Humborstad i Måløy Vekst si innsikt og harde arbeid var avgjerande. Ei solid Kystmobilisering ga resultat.

Måløy Vidaregåande skule og Fagskulen opplever no ei stor satsing med 266 mill kr til blandt anna ny akvahall og stor renovering/ombygging av fløyene på skulen samt nytt opplæringsfartøy. Leiar i fylkesutvalet for opplæring og utdanning i Vestland er Karianne Torvanger i Kinn AP som gjer ein god og viktig jobb i fylket saman med dei to andre fylkespolitikarar frå Florø og Kinn. Ein annan viktig seier for kysten etter breid politisk innsats i Kinn er at statlege rutekjøp med FOT-ruter er tilbake på Florø lufthavn. Dette er svært viktig for næringslivet i heile Kinn og betrar reisemoglegheitene for kystbefolkninga. Arbeidet som vart gjort politisk og administrativt i kampen om batterifabrikk og potensielt 2000 arbeidsplassar i Florø var også imponerande og eg håper ein lukkast med andre etableringar, mykje ligg til rette for dette i Kinn.

I alle desse sakene har mange politikarar frå fleire parti stått hardt på, ikkje for å mele si eiga kake, men for å gi innbyggjarane på kysten betre moglegheiter, betre infrastruktur og ein etterlengta moglegheit for nye arbeidsplassar og folkevekst. Det er også kjekt å sjå at Ungdommens kommunestyre er etablert og Kinn kommune får skryt frå både stortingspresidenten og ungdommane sjølve for å involvere dei i viktige saker som Skram Skole, fritidskort, Nordfjordbadet osv.

Det som er synd er at mykje av den positive utviklinga på kysten i Kinn sitt første år har forsvunne i skuggen av politiske kranglar internt i og rundt kommunestyret. Eg trur mange innbyggarar på grunn av alt bråket ikkje veit kor godt Kinn kommune faktisk leverer på tenestene. Eg trur det kjem til å betre seg på sikt fordi det faktisk skjer veldig mykje bra og fordi det finns flinke engasjerte folk i alle parti. Det blir likevell feil å konkludere med at ingenting er blitt betre etter ett års eksistens som ny kommuneorganisasjon midt i en pandemi.

I det store og heile er det liten tvil om at Kinn har gitt forløysande positiv effekt for aktiviteten på kysten- både i nord og sør. Dyktige tilsette i dei to gamle kommunene har samarbeida godt, lært av kvarandre, tatt med dei beste løysingane vidare og saman heva fleire av tjenestene til eit nytt nivå- det viser dei nasjonale utmerkingane og dette håper eg virkelig alle tilsette er stolte av. Så håper eg alle 1600 tilsette i kommunen, politikarane, næringslivet og frivillige som jobbar for kysten og tenestene fortset å stå på, for de får til utruleg mykje bra!

Eg vil også benytte anledninga til å gratulere Tone Andal med en velfortent kulturpris for sitt fantastiske gatekunstprosjekt og Sølvi Hopland Aemmer for mangfaldsprisen. Gode lokalsamfunn blir skapt av menneske, enten dei jobbar i frivilligheit, politikk, næringsliv eller det offentlege – det er i brytninga mellom desse vi utviklar oss og på kysten ser vi no dette skje i praksis.

Kommentarer til denne saken