Tre vegar i Flora og Vågsøy har same namn. No må dei som bur i Vågsøy skifte adresse.

Flyfoto av Florø.

Flyfoto av Florø. Foto:

I samband med kommunersamanslåinga har ein oppdaga at det finst tre vegar med same namn i Flora og Vågsøy.

DEL

I samband med kommunereforma har det kome fram at Vågsøy kommune og Flora kommune har tre vegar med like namn.
Men sidan ein ikkje kan ha to like vegnamn i ein kommune, må ein av kvar skifte namn.

I Florø har vi Lyngvegen i Havreneset, Fjellvegen i Brandsøy og Sjøvegen ved brua over kanalen.

I Vågsøy har dei også Lyngvegen, i Holvik, Sjøvegen i Almenning, og Fjellvegen, som er ein avstikkar til Gate 6 i Måkøy.

- På grunn av at ein ikkje kan ha to like vegnamn i ein kommune, har ein komme fram til at vegane med færrast adresser må byte namn, melder Vågsøy kommune på sine heimesider.

- Referansegruppa har gått igjennom innsendte forslag og har innstilt følgande erstatningar for vegnamn, skriv dei vidare.

Forslag er «Lyngstien» som erstatning for «Lyngvegen» i Holvik, «Kaivegen» som erstatning for «Sjøvegen» i Almenning, og «Kongshaugen» som erstatning for «Fjellvegen» i Måløy.

Frist for å komme med merknad til namna er sett til 16. mai.

Artikkeltags