14 personar møtte på «Nei til Kinn»-møte

Fredrik Egeberg

Fredrik Egeberg Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag kveld var det stiftingsmøte for ein eigen «Nei til Kinn»-organisasjon.

DEL

Stiftingsmøtet fann stad i kommunehuset i Måløy, og var initiert av dei same personane som har kjempa fram folkerøystinga i Vågsøy.

Totalt møtte 14 personar på møtet, ifølge Fjordenes Tidende.

Det vart vald eit eige styre beståande av Fredrik Egeberg, Geir Ove Refvik, Kent Hammersvik, Tom Andre Hopland og Sidsel Kongsvik. Vara til styret er Linda Kandal Johnsen, Gunnar Nore, Torfinn Kråkenes og Frank Husevåg.

Formålet til organisasjonen er å representere motstanda mot Kinn i Vågsøy sin befolkning, å få flest mogleg til å røyste nei i folkerøystinga, og å få Stortinget til å oppheve samanslåinga av Flora og Vågsøy.

Interimsstyret hadde også søkt Vågøy kommune om 50.000 kroner til informasjonsarbeid. Denne søknaden var oppe til debatt i kommunestyret torsdag, men eit stort fleirtal ville ikkje løyve pengar til «Nei til Kinn».

Onsdag stiftar dei «Nei til Kinn»

Ordførar Kristin Maurstad informerte politikarane om at det no er fleire ting på gang i Fellesnemnda sitt informasjonsarbeid. Det er sendt ut anbod på diverse informasjonsarbeid, mellom anna produksjon av trykt materiell som skal ut til alle husstandane.

Det vil også i løpet av neste døgnet bli lagt ut ny faktainformasjon på Kinn.kommune.no, sa ho til kommunestyret.

– Tonen i debatten har blitt så tøff at folk som er for Kinn ikkje tør flagge meininga si 

Artikkeltags