– Kven vil vere politikar i Kinn?

Nøgde: Nils Myklebust trur innbyggarane i Vågsøy synest dei har det godt som dei har det.foto: david e. antonsen

Nøgde: Nils Myklebust trur innbyggarane i Vågsøy synest dei har det godt som dei har det.foto: david e. antonsen

Artikkelen er over 1 år gammel

Kinn-motstandar Nils Myklebust (Sp) er lite overraska over resultatet av spørjeundersøkinga.

DEL

– Her er massiv motstand og det har det vore heile tida, slår han fast.

Rundt 15 prosent av dei røysteføre i Vågsøy er spurde no. Myklebust peikar på at i innbyggarhøyringa før kommunevedtaket om samanslåing var tala 31 prosent for, 55 prosent mot og dei siste 14 usikre.

– Og dei usikre har gått til motstandrane av prosjektet.

Myklebust meiner vågsøyværingane seier ja til Vågsøy, ikkje nei til Kinn.

– Det bekreftar at folk i Vågsøy er ganske nøgde med kommunen sin. Dei har sagt det same som dei sa sist. Dette er ingen god idé, folk trur blir kostbart å drive. Og så er det dette med ubalansen på kjøttvekta. Flora blir fleirtalet. Det blir eit demokratisk problem – kven vil vere politikarar frå Vågsøy i nye Kinn kommune? spør Myklebust.

Artikkeltags