No skal 14 leiarstillingar fordelast mellom Florø og Måløy

Artikkelen er over 1 år gammel

Ei arbeidsgruppe er no samde om kva stillingar ein skal ha i kommuneleiinga i Kinn. No skal dei fordelast mellom kommunesentera.

DEL

Denne veka vart arbeidsgruppa som har sett på administrasjon og leiing i Kinn samde om kva stillingar ein skal ha i den framtidige kommuneleiinga.

Stillingsoversikta skal danne grunnlaget for korleis ein skal organisere delt kommunesenter.

Det er totalt 14 stillingar som skal fordelast mellom Florø og Måløy, opplyser prosjektrådmann Terje Heggheim i sitt fredagsbrev på Kinn.kommune.no.

11. april vert det sendt ut ei tilråding om korleis funksjonane skal fordelast. Saka skal så opp til handsaming i Fellesnemnda nokre dagar etter dette.

Her er stillinga som skal utgjere den framtidige kommuneleiinga:

• Rådmann

• Assisterande rådmann

• Kommunalsjef for helse og velferd

• Kommunalsjef for oppvekst og undervisning

• Kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø

• Kommunalsjef for innovasjon og utvikling

• Kommunalsjef for økonomi

• Controller

• Kommuneadvokat

• Leiar for personal- og organisasjon

• Leiar for økonomiavdelinga

• Leiar for servicekontor med informasjon og bustad

• Leiar for innkjøpsavdeling

• Leiar for IT-avdeling

Av omsyn til beredskap vil det i tillegg vere behov for avdelingssjefar i teknisk sektor i begge byane. I alle fall til organisasjonen er på plass, opplyser Heggheim.

– Dette blir vanskeleg å forsvare

Jacob Nødseth (Samlingslista) i Fellesnemnda er overraska over oversikta.

– At ein skal ha fem kommunalsjefar i tillegg til assisterande rådmann og rådmann, og ein drøss med andre sjefar, det blir vanskeleg å forsvare. Viss ein skal selje inn dei positive effektane ved å slå saman to kommunar, så må ein ikkje la administrasjonen ese ut så veldig, seier Nødseth til Firdaposten.

– Her må ein i alle fall kutte to kommunalsjefstillingar. Ein har verken behov for eller økonomi til så mange leiarar, meiner han.

Han ser ikkje for seg at framlegget vil gå igjennom i Fellesnemnda, og vil utfordre prosjektrådmannen på dette i møtet.

– Eg trur ikkje nemnda kjem til å akseptere ein så utvida sentraladministrasjon som dette. Det er viktig at vi no får ein debatt om korleis leiinga skal sjå ut, før saka skal opp til vedtak 17. april, seier Nødseth.

(Saka held fram under bildet)

Ola Teigen, Jacob Nødseth og Edvard Iversen under førre møte i Fellesnemnda.

Ola Teigen, Jacob Nødseth og Edvard Iversen under førre møte i Fellesnemnda. Foto:

– Må forvente å skifte arbeidsoppgåver

Nødseth stiller spørsmål ved om dette er eit grep for å sleppe å «degradere» ein del av dagens sjefar.

– I ein slik prosess må folk forvente å skifte arbeidsoppgåver. Ein kan ikkje lage kommunalsjefstillingar ein ikkje treng, for å unngå at nokon skal misse stillinga si. Dette er jo også ein enkel måte å ha meir å fordele mellom dei to kommunesentera, påpeikar han.

Nødseth undrar seg over at ein skal ha ein eigen kommunalsjef for utvikling og innovasjon.

– Det er jo ikkje ein sjef som skal skape det. Ein kan ikkje ha kommunalsjefar for alt. Innovasjon og utvikling må skje i heile organisasjonen, i heile kommunen, og i eit samspel med eksterne aktørar.

Nødseth dreg fram poenget han har hevda så mange gonger før, at Flora har for mange leiarar med god lønsutvikling.

– Her ser det ut til at Flora-linja skal vidareførast. Her har vi klart noko å lære av Vågsøy, og det håpar eg resultatet i Fellesnemnda si handsaming av saka vil spegle, avsluttar han.

Artikkeltags