Tillitsvald åtvarar mot å fjerne assisterande rådmann

– Eg har følgt administrasjonen i Flora i 11 år. Eg veit kva trykk dei har, og det blir ikkje mindre i Kinn. Viss ein no fjernar assisterande rådmann kan det få konsekvensar for drifta, for arbeidsoppgåvene må uansett gjerast, seier hovudtillitsvald i Fagforbundet, Wenche Kvalvik.