– Sp har latt seg kneble av Ap

Geir Oldeide.

Geir Oldeide. Foto:

MÅLØY: Raudt reagerar sterkt på at Sp har latt seg presse av Ap i spørsmålet om reversering av Kinn.

DEL

Det skriv leiar i Raudt Kinn, Geir Oldeide og nestleiar Marie Kronen Tveranger i ei pressemelding.

– Raudt reagerar sterkt på at Sp har latt seg presse av Ap i spørsmålet om reversering av Kinn. I den nye avtalen har dei godteke at ingen ting kan gjerast i spørsmålet før mot slutten av kommande periode. Og sjølv då er det lagt strenge begrensningar på kva ein kan gjere og meine, skriv Oldeide og Tveranger.

– Kva har så Sp fått att for å bøye av? Vi kan ikkje finne dei store politiske gevinstane Sp har fått i avtalen dei har inngått. Då sit vi att med at dei har fått verv og posisjonar, påpeikar dei.

Oldeide og Tveranger meiner at dersom folket i Flora og Vågsøy hadde visst at Sp ville gjere dette, ville dei ikkje fått like stor valoppslutnad i Kinn som dei gjorde.

– Det er jo positivt at vi får ei kvinne i eit av toppverva i den nye kommunen, men det gjev flau smak i munnen når vi får vite at Sidsel Kongsvik skal ha 80% stilling som varaordførar og lønnast med 840.000 for det. Dersom folket i Flora og Vågsøy hadde visst at Sp ville gjere dette så trur vi at Sp aldri ville fått den tilliten i valet som dei fekk, hevdar dei.

Raudt opplyser ikkje kvar summen på 840.000 kroner kjem frå.

Ordførar Ola Teigen avviser at det gjort nokon avtale om kva honorar varaordførar skal ha. Viss dei viser til 85 prosent av løna til ein stortingsrepresentant, som er nivået på ordførarløna i dag, så vil det tilsvare 680.000 kroner.

Artikkeltags