Skal det heite bystyre eller kommunestyre i Kinn?

Kinn kommune.

Kinn kommune. Foto:

MÅLØY: I dag heiter det Flora bystyre og Vågsøy kommunestyre. Men kva skal det heite i Kinn? Er vi ein urban bykommune eller ein distriktskommune? Dette diskuterte Fellesnemnda i dag.

DEL

Onsdag har Fellesnemnda for Kinn sitt siste møte, og her er det mange små og store saker som står på agendaen.

Ein av sakene dei måtte ta stilling til, er om kommunestyret som skal veljast på måndag skal heite Kinn bystyre eller Kinn kommunestyre. Vedtaket dei gjorde i dag, er eit råd til dei nye politikarane som skal drifte Kinn frå etter valet. Dei står fritt til å endre namnet, om dei skulle ønske det.

– Spørsmålet om kva vi kallar dei politiske organa er noko som påverkar både den rasjonelle delen av oss og kjenslene våre, meiner rådmann Terje Heggheim.

– Bykommune eller distriktskommune?

I Flora har det heitt Flora bystyre sidan kommunesamanslåinga i 1964. I Vågsøy har det heitt kommunestyre sidan same tid. Intensjonsavtalen om kommunesamanslåinga seier ingen ting om dette, berre at «bystyret/kommunestyret skal ha 39 medlemmer».

– Florø har tradisjon som ladested sidan 1860. Ladestadane hadde privilegium til å kunne drive handel med både inn- og utføring av varer og tenester. Å ha status som ladested vart seinare kopla til det åfå bystatus. I 1964 då kommunane Bru, Eikefjord, Kinn og Florø vart Flora kommune var bystatusen til Florø avgjerande for at dei vart ein bykommune, skriv prosjektrådmann Terje Heggheim i si saksutgreiing.

– Vågsøy og Selje var éin kommune då formannskapslova kom. Selje var senteret. I 1910 vart Selje delt i tre, Nord-Vågsøy, Sør-Vågsøy og Selje. I nord vart Raudeberg administrasjonsstad, Måløy i sør. Ved kommunesamanslåinga i 1964 vart Vågsøy samansett av: - Nord-Vågsøy- Sør-Vågsøy- Silda, frå Selje, Området Hagevik-Osmundvåg, og Sørpoll- Husevågøy, Grindøy, Gangsøy, Bryggja og Lefdal frå Davik kommune/Nordfjord. I Måløy dreiv ein sjølvsagt handel med stor trafikk både ut og inn, men utan status som ladested eller by, før 1997, skriv han vidare.

- Påverkar kjenslene våre

Men skal Kinn kommune identifisere seg som ein urban bykommune eller ein distriktskommune?

– I lange tider har tilhøvet mellom by og land vore prega av å vere gjensidig avhengig av kvarandre, men også av ulikt livsgrunnlag og kulturelle motsetnader. I dag skjer urbaniseringa også utanom byene. Fleire av dei som bur i distrikta har heilt andre jobbarenn i dei tradisjonelle primærnæringane. Det har ført til at skilnaden i levesettet har vorten mindre, påpeikar rådmannen.

– Betre infrastruktur har også redusert betydinga av geografiske avstandar og bidrege til auka kontakt. Det er vel likevel slik at ein stor del av identiteten vår vert knytt til om vi bur i ein by eller i distriktet. Difor er spørsmålet om kva vi kallar dei politiske organa noko som påverkar både den rasjonelle delen av oss og kjenslene våre, meiner Heggheim.

– For ein med sterk bykjensle kan det vere viktig å halde på omgrepet bystyre, medan det for ein fråein tidlegare landkommune kan vere meir passande med kommunestyre, skriv han.

I intensjonsavtalen mellom Flora og Vågsøy står det at ein både skal dyrke det urbane, og ta vare på stadidentiteten om ein kjem frå by eller grend.

– Eg trur svaret ligg i å høyre til noko urbant, men leve lokalt. Med bakgrunn i at Florø og Måløy ønskjer å utvikle seg som byar med tilbod som vi elles finn i urbane strok, og ut frå det faktum at vi har to byar i ein og same kommune, vil det vere passande å nytte Kinn bystyre som namn. Det treng ikkje å kome i konflikt med ei styrking av lokal stadidentitet og fellesskapskjensle. Å etterleve intensjonsavtalen på dette området handlar om både byutvikling og tilrettelegging for distrikta våre, konkluderer rådmannen.

Fellesnemnda diskuterte saka onsdag ettermiddag. Du kan sjå sendinga her: I dag skal Fellesnemnda velge kommunevåpen og vedta nye gebyrsatsar, renovasjonsavtale og politisk organisering

Fellesnemnda delt

Fellesnemnda var som venta delt då dei diskuterte saka. Fleire Vågsøy-representantar argumenterte for å bruke kommunestyre, mens Flora-politikarane ville ha bystyre.

– Vi har to byar. Vi må ta med oss historia vår, og det bør heite bystyre, meinte Hanne Husebø Kristensen (H).

– Det bør heite bystyre. Til dei som argumenterer med at «Det finst ikkje Kinn by» - så finst ikkje «Flora by» heller, påpeika Jacob Nødseth (V).

– Ein må halde fast på dei urbane kvalitetane, og ikkje sette dette opp imot kvarandre. Det er inga motsetning mellom å kalle seg bystyre, og det å ha omsorg for heile kommunen. Både Florø og Måløy er motorar, og det er passande med bystyre, meinte han.

Ola Teigen (Ap) meinte det samme:

–Det er to stolte byar, vi må tørre å kalle oss bystyre. By og land - hand i hand, som vi seier i Arbeidarpartiet. Og begge deler skal ivaretakast i av nye Kinn bystyre.

– Florø var den første byen i Sogn og Fjordane. Det ligg mykje kjensler rundt dette hos folk i Florø, meir enn ein kanskje er klar over. Er det så viktig at det skal heite kommunestyre? Eller kan ein heller gi ei handsrekning til folk i Florø her? Heile kommunen er veldig godt ivareteke, og skal framleis vere det. Det skal ikkje gå ut over distrikta om det heiter bystyre, sa Solveig Willis (Ap).

– Men Kinn blir uansett ein fantastisk kommune, la ho til.

Nils Mylkebust (SP) på si side var klar på at det burde heite kommunestyre:

– Heiter det bystyre er det eit signal om at sentra er viktigare enn resten. Vi bør vedta kommunestyre, så kan det nye kommunestyret endre på det om dei ønsker det.

Også Vågsøy-politikarane Tove Lill Refvik Volle (Ap) og Anett Berg (H) meinte det skulle heite kommunestyre. Men Kinn bystyre fekk til slutt fleirtal, mot desse tre røystene.

Artikkeltags