"Eg vil aldri diktere kva ordførar i Vågsøy brukar sin rådmann til, eg forventar at Myklebust ikkje dikterer kva min rådmann skal bruke kvardagen til."

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Ola Teigen svarar på det opne brevet frå Nils Myklebust

DEL

LesarbrevFlora og Vågsøy har vedteke kommunesamanslåing seinast 1.1.2020. Innan den tid skal ein bygge ei  heilt ny kommune. Vi har dårleg tid dersom vi skal gjennomføre alt arbeidet som gjenstår. Difor har eg stressa tidsbruken til fellesnemnda brukte til å få tilsett ein prosjektorganisasjon.  

Eg er ordførar i Flora kommune og representerer over 12000 innbyggarar. Eg er og arbeidsgjevar for over 1000 menneske. Svært mange av desse er usikre på kva som skjer med samansåingsprosessen dei skal gjennomføre. Mange som er tilsett og skal tilsettast i Kinn kommune er og usikre kva som vil skje framover no når det skal haldast folkeavstemming i Vågsøy. Det er mi plikt overfor alle desse og sørge for best mogleg informasjon og ei forutsigbar framtid for dei tenestene dei skal utføre for innbyggarane. Difor er det nødvendig for meg å diskutere med statsråden korleis eg som ordførar bør forholde meg til vedtaket Stortinget har fatta, at Flora og Vågsøy skal samanslåast.

Nils Myklebust forventer respekt, men velger å ignorere at folkeavstemming og ei mogleg reversering også har påverknad for innbyggarane i Flora og alle våre tilsette. Myklebust bør og ha respekt for Flora kommune sine prosessar og behov for informasjon. Informasjonsbehovet er ikkje noko einsidig Vågsøybehov. Dette behovet er det min jobb som ordførar i Flora å dekke.

Nils Myklebust er motstandar av å bygge ein ny sterk kystkommune og brukar heile sitt engasjement for å stogge samanslåinga. Han er erklært nei-mann i fellesnemnda sjølv om mandatet hans der er å bygge Kinn kommune. Eg sit også i fellesnemnda med same mandat utgått av felles kommunestyremøte frå Raudeberg 25.8.2017. Mitt arbeid handlar om å skape det eg er sett til, å utvikle både Vågsøy og Flora til ein god og velfungerende kommune og eit kraftsenter mellom Bergen og Ålesund. Så nei, eg vil ikkje arbeide for reversering, både Stortinget og mitt eige Bystyre har bede meg skape denne kommunen. Det vil i tillegg til å koste Flora kommune årleg omlag 7 millionar også sette kysten i Sogn og Fjordane fleire 10-år tilbake.  

Nils Myklebust meiner det er nedlatende og respektlaust å søke informasjon. Eg vil minne Myklebust om hans eige vedtak frå Vågsøy kommunestyre 1. februar. Der står det at innbyggarane skal ha mest mogleg informasjon fram mot folkeavstemming i juni. Kvifor Myklebust meiner at statsråden sine råd ikkje skal kome fram, eller kva Stortinget som faktisk skal handsame ei eventuell reversering meiner om den, heller ikkje er ynskjeleg, ja då må ein spørre seg kva agenda Myklebust har. 

Terje Heggheim er rådmann i Flora kommune fram til 1. mars. Dette har Myklebust godkjent i møte i fellesnemnda den 16. januar. At han no ynskjer å hindre meg i å bruke min eigen rådmann i saker som angår Flora kommune er ikkje greit. Eg vil aldri diktere kva ordførar i Vågsøy brukar sin rådmann til, eg forventar at Myklebust ikkje dikterer kva min rådmann skal bruke kvardagen til. 

Myklebust bør vere glad for at nokon søker informasjon i den vanskelege saka vi står i og så forventar eg for framtida at Myklebust ikkje prøver å diktere kva Flora sin ordførar skal bruke tida si på. Eg håpar han for framtida bidreg til folkeopplysning, ikkje å motarbeide informasjon.

Artikkeltags