Kinn kommune får postadresse i Måløy

Foto:

Det er no bestemt at Kinn kommune si offisielle adresse vert lagt til Måløy.

DEL

Det skal etablerast ei felles postadresse for all post til Kinn kommune, og denne adressa vert i Måløy. Fakturaadressa for den nye kommunen vert også Måløy.

Det informerte prosjektrådmann Terje Heggheim dei kommunalt tilsette om nyleg.

Måløy vert dermed eit dokumentsenter for Kinn kommune, med post- og fakturasenter for alle tenestene i Kinn kommune. All posten vert sendt dit, deretter vert den scanna og fordelt ut på dei kommunale tenestene.

Sentralbord i Florø

Samstundes er det bestemt at mange av dei merkantile oppgåvene i Kinn skal sentraliserast til tenesta for informasjon og service. Det blir eitt sentralbord for heile kommunen, ei adresse, og politisk sekretariat og val skal også handterast av denne tenesta.

Sentralbordet og informasjonsavdelinga vert plassert i Florø, men tilsette skal kunne arbeide frå begge kommunesentera, skriv rådmannen i sitt ferskaste fredagsbrev.

- Vi vil på sikt samle ressursane som jobbar med sentralbordoppgåver, og alle som kontaktar kommunen på telefon vil bli motteke på same måte. Det blir viktig at vakttelefonane er operative både i Florø og Måløy, uavhengig av kor sentralbordet er. Sentralbordet må kunne svare frå begge kommunesentra, skriv han vidare.

Både Måløy og Florø skal ha servicetorg og personale som jobbar med informasjon.

Eige prosjekt

- Med bakgrunn i ulik organisering i Vågsøy og Flora i dag, og ut frå det faktum at administrasjonen i Flora ikkje er samla, vil ei ytterlegare sentralisering av dei merkantile oppgåvene bli organisert som eit eige prosjekt, skriv rådmannen i ein statuspresentasjon som vart heldt for tilsette nyleg.

Ei sentralisering av dei merkantile oppgåvene vil handle om både gevinstrealisering og økonomi, effektivisering, digitalisering og neste praksis/behovet for å vere offensiv, meiner rådmannen.

Artikkeltags