– Båtruter i Kinn må på plass no!

Gustav Johan Nydal, Randi Humborstad og May Britt Bratseth krev betre båtruter Florø-Kalvåg-Måløy.

Gustav Johan Nydal, Randi Humborstad og May Britt Bratseth krev betre båtruter Florø-Kalvåg-Måløy. Foto:

FLORØ: Næringslivet i Flora, Bremanger og Vågsøy reagerer på at fylkesrådmannen ikkje vil utvide båtrutetilbodet mellom dei tre kommunane.

DEL

Båtruter må på plass no!, skriv næringsforeiningane i dei tre kommunane i eit skriv til hovudutval for samferdsel i Sogn og Fjordane.

Bakgrunnen er at fylkesrådmannen no tilrår å ikkje auke båtrutefrekvensen Florø-Kalvåg-Måløy, verken på kort eller lang sikt.

– Næringslivet i Flora, Bremanger og Vågsøy forventar betre kommunikasjonar og båtruter! Med eit samla folketal på om lag 22.000 menneske og med ei verdiskaping på nesten 10 milliardar kroner berre i Flora og Vågsøy, ifølge PwC sin næringsanalyse for Kinn kommune, så må storsamfunnet stille opp med tenlege ruter slik at personar, varer og tenester kan flytte seg mellom tettstadane utan å måtte ty til overnatting. Initiativet frå desse tre kommunane om spleiselag på ekstra båtruter må støttast frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det skriv Randi Humborstad i Måløy Vekst, Gustav Johan Nydal i Flora Industri- og næringsforeining og May Britt Bratseth i Bremanger Næringsråd i ein felles uttale til fylkespolitikarane.

I sakspapira til sak 19/2130-4 som skal handsamast i hovudutval for samferdsle 28. mai kan ein lese at utvalet blir råda av fylkesrådmannen til å avslå søknaden om finansiell deltaking i nytt hurtigbåttilbod Florø – Smørhamn – Måløy.

Lågt trafikkgrunnlag?

Trafikkgrunnlaget blir vurdert til å vere for lågt fordi Måløy er ein mindre by, ruta går for seint til å fungere som arbeidsrute, og returen fell midt på dagen utanfor attraktive reisetider.

– Vi meiner at det ikkje er mogeleg å på denne måten seie kor mange som kjem til å bruke ei rute som aldri har eksistert før, og slå fast at der ikkje er grunnlag for den. Dette er eit nytt tilbod som ikkje skal tene eksisterande reisemønster, men bidra til å skape nye, påpeikar dei.

– Staten ser at det er behov for betre infrastruktur og kommunikasjon i nye Kinn kommune og har løyvd midlar. Bremanger kommune ser behovet for eit utvida båtrutetilbod på kysten og har gått inn med pengar for å få dette til, i samarbeid med Kinn. Då må også fylkeskommunen følge opp.

Dei meiner passasjeranslaget deira er nøkternt, tilskotet det er søkt om likeins.

– Det er fleire ting som kan tale for at passasjertalet og dermed inntektene frå billettsal vil auke når dei ekstra rutene er etablerte, og som dermed taler for at fylkeskommunen bør løyve midlar for å støtte kommunen i å starte opp dette tilbodet. Med siste vedtak frå Fellesnemnda Vestland så er det grunn til å tru at Kystvegen vert ytterlegare forseinka noko som igjen understrekar behovet for betre båtruter, skriv dei.

– Solide motorar

Næringslivet i Flora, Bremanger og Vågsøy er solide motorar innan dei maritime næringane. Når to av desse motorane no blir sjøsett i same båt gjennom Kinn kommune vil det bidra til å styrke næringsklyngene og auke verdiskapinga, påpeikar næringsforeininga.

– Men for at ein skal kunne lukkast med dette er vi avhengig av å forbetre kommunikasjonen mellom dei to motorane. Det vil bidra til å gi næringslivet betre vilkår for samarbeid og samhandling, noko som er ein føresetnad for å kunne hevde seg i marknaden og auke verdiskapinga.

I tillegg til å gje næringslivet betre rammer for regional utvikling vil det og auke næringslivet i Måløy og Bremanger sine vilkår i form av betre tilgang til rutetilbodet ved Florø Lufthamn.

Ei ny formiddagsrute frå Måløy og Bremanger vil treffe flyruter vidare til både Oslo og Bergen frå Florø Lufthamn.

– Ei næring som fylket sjølv peikar på er i vekst, er reiselivsnæringa. Som eit konkret døme kan ein trekke fram satsinga på Kalvåg og Hornelen som reisemål, som vil komme styrka ut av eit utvida rutetilbod med gode forbindelsar til Florø Lufthamn, påpeikar Humborstad, Nydal og Bratseth.

Dei peikar også på at fylkestinget har vedteke ein strategisk plan for kysten, der dei påpeikar at kysten skal knytast saman med betre infrastruktur.

– Det vil vere naturleg at fylket tek ei aktiv rolle i å oppfylle eigne vedtekne planar saman med kystkommunane. Eit slikt spleiselag er ein god start på samarbeidet, minner dei om.

Per i dag er det ingen kollektivtransport nordover frå Florø før kl. 11.30.

Bremanger vil vere med på båtrutespleiselag

Får fire millionar kroner til fiber og båt 

Artikkeltags