– Kinn vil vite di meining

Terje Heggheim.

Terje Heggheim. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Denne helga blir det sendt ut ei kort undersøking på tekstmelding.

DEL

Det har vore diskusjonar både i media og sosiale medier om at det er for lite lett tilgjengeleg informasjon om samanslåinga mellom Flora og Vågsøy til Kinn kommune.

No tar Kinn-administrasjonen grep ved å sende ut ei undersøking. Med denne håpar dei å få betre innsikt i informasjonsbehova til innbyggjarane.

- Det er viktig for oss at vi no får eit klart inntrykk av informasjonsbehovet til innbyggjarane, slik at vi kan tilpasse informasjonen vi kjem ut med den komande perioden, seier prosjektrådmann Terje Heggheim.

Undersøkinga vil sette fokus både på kva ein meiner om informasjonen i dag, og kva tema ein ynskjer meir informasjon om.

– Vi skal no i vår bli meir proaktive i kommunikasjonsarbeidet, og vi håpar at folk vil sette pris på informasjonen vi kjem ut med framover, seier Heggheim.

SMS med undersøking

Til helga går det ut ei kort undersøking på tekstmelding til ein rekke innbyggarar. I meldinga er det ei lenke til undersøkinga. Undersøkinga tar tre til fire minutt å svare på.

- Vi brukar kommunen sitt system, som gjev oss moglegheita til å sende ut ei tekstmelding til dei fleste av innbyggjarane våre. Vi håper at flest mogleg tar seg tid til å svare. Informasjonen vil bli brukt både til å påverke informasjonen framover og til å måle effekt av arbeidet vi gjer, seier kommunikasjonsansvarleg for Kinn kommune, Henrik Ulriksen.

Undersøkinga vil også bli promotert i sosiale medier og ligge ute på www.kinn.kommune.no.

Video og magasin

Framover vil det komme meir informasjon frå Kinn både i form av videoar, eit magasin til alle innbyggjarane og anna innhald i aviser og på nett.

- Vi i Kinn-administrasjonen ønsker å gje innbyggjarane både i Flora og Vågsøy best mogleg informasjon. Ved å gje innbyggjarane moglegheita til å kome med sine tilbakemeldingar til oss, så tar vi lokaldemokratiet på alvor. Det håpar vi vil bli sett på som positivt, avsluttar prosjektrådmann Terje Heggheim.


 

Artikkeltags