Her er dei nye forslaga til kommunevåpen

KOMMUNEVÅPEN: Tysdag fekk Fellesnemnda framlagt to nye forslag til kommunevåpen for Kinn. Fyrtårnet er det tredje alternativet.

KOMMUNEVÅPEN: Tysdag fekk Fellesnemnda framlagt to nye forslag til kommunevåpen for Kinn. Fyrtårnet er det tredje alternativet. Foto:

Tysdag fekk Fellesnemnda framlagt to nye forslag til kommunevåpen for Kinn.

DEL

Tysdag la prosjektrådmann Terje Heggheim og leiar i prosjektgruppa Jacob Nødseth fram to nye framlegg til kommunevåpen for Kinn.

Heggheim sitt forslag til Fellesnemnda var at folket skulle få velge mellom desse tre ulike alternativa, i ei felles nettavstemming.

Fellesnemnda gjekk inn for dette, men bad samstundes Heggheim om å sjå på dei tekniske løysingane for sjølve avstemminga. Korleis ein kan stemme vil bli offentleggjort i lokalavisene Firdaposten og Fjordenes Tidende, og både Heggheim og politikarane i fellesnemnda håpar på stort engasjement rundt valet.

Dei tre alternativa:

1. Fyrtårnet

Laga av A til Å, Florø, og Geelmuyden Kiese, Oslo. 

– Eit fyr gir overblikk, er maritimt og kraftfylt. Det viser veg inn i framtida. Fyret er delt i sektorar. Går du ut av ein, vert du leia inn i ein ny. Fyret har i alle tider spelt ei sentral rolle for ferdsel langs kysten og til og frå kommunane våre. Følger du fyret, finn du fram, skriv prosjektrådmann Terje Heggheim i si saksutgreiing til Fellesnemnda.

2. Kinnaklova og Kannesteinen

Florø-firmaet Haptiq, som jobbar med grafikk, animasjon og 3D, har laga eit forslag som viser både Kinnaklova og Kannesteinen – to landemerke i dei to kommunane.

– Kjende motiv frå der hav og sjø møter land i dei to kommunane. Punkt på land som dei på sjøen kan styre etter. Symboliserer trygg ferdsel langs kysten og sjøområda våre. Kinnaklova og Kannesteinen er framstilt like store og fortel om likeverd og likevekt, står det å lese i saksutgreiinga.

3. Baugen

Laga av designbyrået BYRR på Nordfjordeid, med tilsette frå Eid/Måløy.

– Eit abstrakt symbol av baugen på ein båt. Det kan òg vere ei bølge, ein klippe, ein spydspiss, eller det du ser. Båten er ein fellesnemnar for dei to kommunane, som begge har lange og sterke tradisjonar i marine og maritime næringar. Då vert Baugen eit sterkt symbol på kva samfunna våre er bygd opp av, skriv prosjektrådmannen.

Kritikk mot «Fyrtårnet»

I februar vart A til Å og Geelmuyden Kiese sitt forslag til kommunevåpen for Kinn kommune presentert i Florø.

Forslaget skapte stor debatt, og kritikarane meinte mellom anna at det hadde for lite lokale referansar, at det var uklart kva det skulle førestille, at det minte mest om ein logo, og at det var svært likt ein rekke andre eksisterande kommunevåpen.

At ein verken brukte Kinnaklova eller Kannesteinen vart heller ikkje godt motteke. Det kom også kritikk mot Fellesnemnda sitt val om å berre få framlagt eit alternativ.

Fellesnemnda gjekk til slutt inn for at det skulle utformast to nye alternativ, som skulle stette alle krav til moderne utforming. Dei vedtok også at innbyggarane får vere med å bestemme kva av dei tre som skal nyttast: Folket skal få stemme over kommunevåpenet

Prosessen har teke tid, men no er ein altså klare med to nye alternativ, som saman med «Fyrtårnet» utgjer alternativa ein kan stemme over.

Artikkeltags