Stem på kva som skal bli det nye kommunevåpenet i Kinn

Onsdag morgon klokka ni opnar nettavrøystinga om kva kommunevåpen Kinn skal ha.

DEL

Nettrøystinga blir heldt i samarbeid mellom Kinn kommune, Firdaposten og Fjordenes Tidende. Via ein link på lokalavisene kan du stemme på det du meiner er det beste alternativet.

Avrøystinga opnar onsdag 26. juni klokka 09.00, og vil vare i to dagar, til fredag morgon kl. 09.00.

To nye alternativ

I februar vart A til Å og Geelmuyden Kiese sitt forslag til kommunevåpen for Kinn kommune presentert i Florø.

Forslaget skapte stor debatt, og kritikarane meinte mellom anna at det hadde for lite lokale referansar, at det var uklart kva det skulle førestille og at det var svært likt ein rekke andre eksisterande kommunevåpen.

At ein verken brukte Kinnaklova eller Kannesteinen vart heller ikkje godt motteke. Det kom også kritikk mot Fellesnemnda sitt val om å berre få framlagt eit alternativ.

Fellesnemnda gjekk til slutt inn for at det skulle utformast to nye alternativ, som skulle stette alle krav til moderne utforming. No er alternativa klare:

1. Fyrtårnet

Laga av Geelmuyden Kiese, Oslo og A til Å, Florø. 

«Eit fyr gir overblikk, er maritimt og kraftfylt. Det viser veg inn i framtida. Fyret er delt i sektorar. Går du ut av ein, vert du leia inn i ein ny. Fyret har i alle tider spelt ei sentral rolle for ferdsel langs kysten og til og frå kommunane våre. Følger du fyret, finn du fram».

2. Kinnaklova og Kannesteinen

Florø-firmaet Haptiq, som jobbar med grafikk, animasjon og 3D, har laga eit forslag som viser både Kinnaklova og Kannesteinen – to landemerke i dei to kommunane.

«Kjende motiv frå der hav og sjø møter land i dei to kommunane. Punkt på land som dei på sjøen kan styre etter. Symboliserer trygg ferdsel langs kysten og sjøområda våre. Kinnaklova og Kannesteinen er framstilt like store og fortel om likeverd og likevekt».

3. Baugen

Laga av designbyrået BYRR på Nordfjordeid, med tilsette frå Eid/Måløy.

«Eit abstrakt symbol av baugen på ein båt. Det kan òg vere ei bølge, ein klippe, ein spydspiss, eller det du ser. Båten er ein fellesnemnar for dei to kommunane, som begge har lange og sterke tradisjonar i marine og maritime næringar. Då vert Baugen eit sterkt symbol på kva samfunna våre er bygd opp av».

Stem på kommunevåpenet du meiner er best her: Avstemming om kommunevåpen

Ope i to dagar

Avstemminga på Firdaposten og Fjordenes Tidende vil vere open i to dagar. Ein kan avlegge ein stemme per unike eining, altså ein stemme per pc, mobil eller nettbrett.

Dette vil bety at personar i alle aldrar som bur både i og utanfor Vågsøy eller Flora kommunar kan stemme. Det er ikkje mogleg å avgrense ei slik røysting på nett til berre folk som bur i desse kommunane.

Røystinga blir stengt etter to dagar, og då vert resultatet overlevert til prosjektrådmannen i Kinn kommune. Vinnaren blir så presentert på Firdaposten og Fjordenes Tidende sine nettaviser.

Avstemminga er rådgjevande, og det er Fellesnemnda i Kinn som tek den endelege avgjerda i saka.

Artikkeltags