– No ser vi fram til å høyre kva folket meiner

Terje Heggheim, prosjektrådmann for Kinn kommune

Terje Heggheim, prosjektrådmann for Kinn kommune Foto:

KINN KOMMUNE: Denne veka kan du vere med å bestemme kva kommunevåpen Kinn kommune skal ha.

DEL

I februar vart A til Å reklamebyrå og Geelmuyden Kiese sitt forslag til kommunevåpen for Kinn kommune presentert i Florø.

Forslaget skapte stor debatt, og kritikarane meinte mellom anna at det hadde for lite lokale referansar, at det var uklart kva det skulle førestille og at det var svært likt ein rekke andre eksisterande kommunevåpen.

Fellesnemnda for Kinn gjekk då inn for at det skulle utformast to nye alternativ, som skulle stette alle krav til moderne utforming. Dei bestemte også at folket skulle få avgjere det nye kommunevåpenet, i ei avstemming som skulle inkludere det første forslaget og dei to nye alternativa.

No er alternativa klare, og Kinn kommune har inngått eit samarbeid med Firdaposten og Fjordenes Tidende om gjennomføring av sjølve avstemminga. Den opnar onsdag klokka 09.00, og lenke til avstemminga finn du på begge nettavisene:

Stem på kva som skal bli det nye kommunevåpenet i Kinn

– No er vi i finalen

Prosjektrådmann Terje Heggheim seier vegen fram til eit val av kommunevåpen har vore lang.

– Men no er vi i finalen, seier han, og held fram;

– Då ikkje alle kunne identifisere seg med berre eitt alternativ, er det greitt at vi no kan røyste mellom tre.

Det er til sjuande og sist, og formelt sett, politikarane i Fellesnemnda som avgjer val av kommunevåpenet. Men nemnda har sagt at denne røystinga skal leggast til grunn for valet.

– På ulike vis speglar alle dei tre framlegga element som både handlar om kysten og historia vår, og noko vi kan identifisere oss med. Eg håper mange i Vågsøy og Flora seier kva dei meiner om kommunevåpenet, seier Heggheim.

– Ser fram til å høyre kva folk meiner

Jacob Nødseth, leiar i prosjektgruppa for felles kultur og identitet, håpar folk engasjerer seg i avstemminga for nytt kommunevåpen.

– Det er viktig at folk engasjerer seg, og stemmer fram eit kommunevåpen som står seg i mange år framover. At vi kan finne eit positivt og samlande symbol, seier Nødseth.

– No er det opp til innbyggarane kva kommunevåpen vi skal ha, og folk må gjere seg opp si eiga frie meining, seier han.

Samstundes håpar han folk vil tenke nøye igjennom saka før dei røyster.

– Eit kommunevåpen skal fungere i både stort og lite format, det håpar eg ein er bevisst på. Dette er ikkje ein plakat som skal henge på ein vegg. Viss ein ser på nagla si, så er den om lag like stor som ein kommunevåpen-pin, og Kinn sitt kommunevåpen skal kunne fungere i den storleiken. påpeikar Nødseth.

Eit anna element han nemner, er «Vil folk forstå dette»-debatten. Den debatten gjekk etter at fyr-alternativet vart lagt fram, og den går også no, etter at dei to nye alternative kommunevåpena vart lagt fram.

– Vil folk utanfor vårt lokalområde forstå Kinnaklova og Kannesteinen betre enn til dømes «Fyret»? Uansett, eg ser fram til å høyre kva folket meiner i denne saka, avsluttar han.

jacob nødseth kommunevåpen kinn kommune

jacob nødseth kommunevåpen kinn kommune Foto:

Artikkeltags