Gå til sidens hovedinnhold

– Rådet frå ministeren var å jobbe vidare med samanslåinga

Artikkelen er over 3 år gammel

Torsdag møtte ordførar Ola Teigen kommunalministeren på Stortinget, for å snakke om vegen vidare med kommunesamanslåinga.

Flora kommune og ordførar Ola Teigen hadde sjølv spurt om å få møte kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland, og torsdag møttes dei på Stortinget.

– Eg ville ha statsråden sitt syn på korleis vi bør jobbe vidare med Kinn kommune, ettet at Vågsøy kommune no har gjort vedtak om folkerøysting, fortel Flora-ordføraren til Firdaposten.

– Klare råd

– Etter vedtaket i Vågsøy har det hefta usikkerheit rundt om ein skal halde fram med samanslåingsarbeidet, som er i full gang på mange område, utdjupar han.

Og rådene frå Monica Mæland var heilt klare.

–  Ministeren meiner at vi må halde oss til Stortinget sitt vedtak om samanslåing. Kinn kommune er vedteke både i Stortinget og av dei to kommunestyrene, og vi er slått saman. Så ho bad oss sørge for at samanslåinga vert gjennomført til 1. januar 2020, seier Teigen.

LES OGSÅ:  – Vi er allereie slegne saman

Fullt trøkk på Kinn

Han var ikkje spesielt overraska over signala frå kommunalministeren.

– Svaret var eigentleg som forventa. Så då må vi rette oss etter det, og halde fram jobben med Kinn kommune med fullt trøkk framover, seier ordføraren.

Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, var også med på møtet.

– Det var Flora kommune sitt møte med statsråden, la meg understreke det. Det var ikkje eit fellesnemnd-møte. Men Vågsøy-ordføraren fekk vere med for å redegjere for Vågsøy kommunestyre sitt vedtak om folkerøysting, seier Teigen.

Les også

Gruppeleiaren i Vågsøy Høgre: «Ei folkerøysting kan skape ro i ei tid der vi er splitta»

 

Dette meiner partia på Stortinget:

Høgre på Stortinget presiserer at dei ikkje vil snu, og ønsker Bremanger ved bordet 

Les også

Ap: – Får ikkje fleirtal for Kinn-reversering

 

Sp: – Ei reversering av Kinn kan sitte langt inne

Frp: – Reversering uaktuelt

Les også

SV: - Kinn er ein rein knipetangsmanøver for å tvinge Bremanger inn

 

Kommentarer til denne saken